Eugène Viollet-le-Duc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eugène Emmanuel Viollet-le-Duc fotografert av Nadar.

Eugène Emmanuel Viollet-le-Duc (fødd 27. januar 1814 i Paris, daud 17. september 1879 i Lausanne) var ein fransk arkitekt og arkitekturteoretikar. Viollet-le-Duc er særleg kjend for sine restaureringar av mellomalderbygningar, som Sainte-Madeleine-kyrkja i Vézelay, Notre-Dame i Paris, Mont Saint-Michel, Carcassonne og slotta Roquetaillade og Château de Pierrefonds. Han gjorde uvanleg djupt forskingsarbeid rundt bygningane han skulle restaurera, men er blitt skulda for å «overrestaurera» og forandra dei til å bli noko dei aldri var. Viollet-le-Duc er knytt til den nygotiske arkitekturen, ein stil som stod i sterk motsetnad til den klassistiske Beaux-Arts-arkitekturen som var populær i samtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eugène Viollet-le-Duc