Carcassonne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og: Brettspelet Carcassonne
Carcassonne
Horisonten til Carcassonne
Horisonten til Carcassonne
Byvåpenet til Carcassonne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Aude
Geografi
Flatevidd 65,08 km²
Flatevidd
 - By

65,08 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)

43 950
Koordinatar 43°12′24″N 02°21′50″EKoordinatar: 43°12′24″N 02°21′50″E
Høgd over havet 111 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: http://www.carcassonne.org
Nettstad: www.carcassonne.org
Plassering
Plassering av Carcassonne
Plassering av Carcassonne

Carcassonne (oksitansk Carcassona) er ein festningsby sør i Frankrike i regionen Languedoc-Roussillon, i den historiske provinsen Languedoc. Byen er òg préfecture (administrasjonssentrum) i departementet Aude.

Han er delt i to av elva Aude. På høgre breidda av elva ligg den øvre festninga Cité de Carcassonne med mellomalderbusetnad og doble bymurar som gjev eit bilete av festningskunsten heilt frå 500-talet til 1300-talet. Festningsbyen i Carcassonne vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1997. Den nedre bydelen på venstre breidd, Bastide Saint-Louis eller Ville Basse (nedre by), har størst folkesetnad og er den delen som veks mest. Dei to bydelane er forbunde med to bruer, Pont Vieux og Pont Neuf.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Carcassonne ligg nord for Pyreneane, 53 km vest for Narbonne, 90 km søraust for Toulouse og 800 km sør for Paris. Byen ligg på sletta mellom Pyreneane og Massif Central, og to store trafikkruter har kryssa Carcassonne sidan antikken: Den historiske vegen mellom Garonnedalen ved Atlanterhavet og Middelhavet, og ruta mellom Massif Central og Spania langs kanten av Pyreneane. Canal du Midi, som knyter Middelhavet og Atlanterhavet saman, går igjennom den nedre bydelen i Carcassonne. Kanalen vart sett på UNESCO si verdsarvliste i 1996.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første teikn på busetnad i området er datert til rundt 3500 fvt. På 500-talet fvt. vart ein festningsby (oppidum) med det keltiske stadnamnet Carsac etablert to kilometer sør for dagens Carcassonne. Han hadde truleg ein iberisk busetnad. Byen vart ein viktig handelsstad for områda frå Aude til Middelhavet.

Tårn frå gallo-romersk tid.

Gallo-romersk periode[endre | endre wikiteksten]

Det galliske folket Volcae Tectosages frå Sentral-Europa tok over byen rundt 300 fvt. Dei kjempa mot innbyggjarane i byen, og slo seg ned der Carcassonne ligg i dag.

Rundt år 120 fvt. vart byen ein del av den romerske provinsen Gallia Transalpina, seinare omdøypt til Gallia Narbonensis. Den strategiske plasseringa til byen førte til at romarane laga festningsverk på bakketoppen og gjorde byen til colonia av Julia Carsaco, seinare Carcasum. Dei eldste murane i Carcassonne og mesteparten av dei nedste steinrekkene på bymuren mot nord kan daterast til gallo-romersk tid.

Denne perioden vert karakterisert av murar som strekkjer seg mellom ganske tett plasserte runde eller kvadratiske tårn. Begge delar er laga for å motstå åtak. Murane mellom tårna går i «sikksakk», fordi rette murar var meir sårbare. Av over 30 gallo-romerske tårn, er berre tre bevart: Moulin du Connétable, Moulin du Vieulas og Marquière. Desse tårna dominerer nordfasaden. Marquière-tårnet er mest autentisk, dei to andre tårna fekk dei øvste delane ombygd på 1200-talet.

Vestgotisk periode[endre | endre wikiteksten]

I 462 overgav romarane offisielt den vestre delen av Gallia Narbonensis, Septimania, til den vestgotiske kong Teoderik II, som hadde omleira Carcasum sidan 453. Han heldt fram utbygginga av festningsverka i byen, no kalla Carcasona, som vart verande ein grenseby mot nord. Vestgotarane kopierte den gallo-romerske arkitekturen, og det er vanskeleg å skilje byggearbeida deira frå dei eldre konstruksjonane. Mykje av det dei bygde står framleis. Teoderik skal òg ha byrja bygginga av basilikaen som no er tileigna St. Nazarius. Tidleg på 500-talet, sannsynlegvis i 533 eller kort tid etter, vart Carcasona bispesete saman med Agde og Maguelone. Det skal ha vorte bygd ein vestgotisk katedral, men den finst det ikkje spor etter i dag. Den første biskopen ein kjenner til var Sergius.

Sarasensk og frankisk periode[endre | endre wikiteksten]

I 508 slo vestgotarane tilbake åtak frå den frankiske kong Klodvig I. I 725 inntok derimot muslimske sarasenarar frå Barcelona Carcassonne, og byen fekk namnet Carchachouna. Den frankiske kong Pipin den yngre dreiv bort sarasenarane i 759. I 760 hadde Pipin tatt mesteparten av Sør-Frankrike, men han var ikkje i stand til å innta den ugjennomtrengelege festninga i Carcassonne.

Legenda om Dame Carcas oppstod under desse hendingane: Enka etter sarasenaren Balaak brukte krigslist for å forsvare Carcasona mot Karl den store sine troppar. Ho gav ordre om å kaste ein velfødd gris ut frå ringmuren, for å gje inntrykk av at byen hadde masse mat og velfylte lager. Åtakarane skal visstnok ha gjeve opp og forlate byen med ein gong etter dette. For å kunngjere og spreie desse gode nyhenda, ringte (fransk: sonner) Dame Carcas med byklokkene. Segna seier at det er slik bynamnet Carcas sonne har oppstått. Segna har derimot ein kronologisk feil, sidan Karl den store (Pipin sin son) overtok trona lenge etter desse hendingane.

Mellomalderbyen Carcassonne.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Trencaveldynastiet[endre | endre wikiteksten]

Etter Karl den store døydde tok føydalsystemet over i det oppstykka landet. I 1067 vart eigedomen Carcassonne overført til Ermengard, vicomtesse av Agde og Béziers. Ho var gift med Raimond Bernard Trencavel, vicomte av Albi og Nîmes (vicomt er eigentleg vicecomte, det vil sei visegreve på norsk, òg kalla borggreve). I 1082 vart Trencavel myrda, og sonen, Bernard Aton Trencavel, utropte seg sjølv til vicomte av Carcassonne i tillegg til Albi, Nîmes og Béziers. Carcassonne var underlagt Trencaveldynastiet fram til 1209, og denne perioden var fylt med velstand og stor innflytting. Skattar frå handel førte med seg gode inntekter for byen og vicomten. Byen vart delt inn i 16 châtellenies med kvar sin vasall som hadde ansvar for forsvar av sin del av byen. Trencavelfamilien var heile tida utsett for rivalisering mellom dei to mektige naboane, Barcelona og Toulouse, og inngjekk alliansar med kvar av dei etter tur.

Plan over Cité de Carcassonne på 1200-talet.

I denne perioden vart det sett opp fleire nye bygningar og mange av dei eldre konstruksjonane vart restaurert. Grunnsteinane til katedralen St. Nazarius vart velsigna av Pave Urban II i 1096. Paven hadde då reist til Carcassonne for å overbevise Bernard de Trencavel om å slutte seg til krosstoget som på den tida vart organisert.

Katedralen skulle vere ein bastion mot byen sine mange kjettarar (ordet kjettar kjem frå ordet kathar av gresk katharos, som betyr rein). Trencavelfamilien bygde òg slottet Château Comtal, som vart påbyrja i 1130. Dei vestgotiske tårna og dei gallo-romerske murane, som var i dårleg forfatning etter mange åtak opp gjennom hundreåra, vart restaurert og tårna vart gjort høgare.

Den katolske kyrkja og katarane[endre | endre wikiteksten]

På 1100-talet vart katarismen sterkt utbreidd i områda i og rundt Carcassonne. Katarismen var ei religiøs rørsle basert på dualistisk kristen tro. På byrjinga av 1200-talet var Carcassonne prega av velstand og var sterkt folkesett, han hadde rundt 4 000 innbyggjarar. Det var fleire forstader utanfor murane, St. Vincent og St. Michel, med sitt jødiske samfunn. Den unge vicomte Raymond Roger Trencavel (1185-1209) verna katarane i sine landområde. Det var der dei vart kjent som albigensarar, etter byen Albi.

Den katolske kyrkja var svært uroleg over denne utviklinga. I 1204 utnemnde pave Innocent III tre pavelege legatar og inkvisitorar for ein ny preikemisjon mot albigensarane under abbed Arnaud Amaury av Cîteaux. Sidan kjetteri var ei lovbrot, skulle legatane ikkje berre preike, men òg overlevere kjettarane til dei sivile styresmaktene for forvising og inndraging av eigedom. Ein av dei fire, cisterciensarmunken Pierre de Castelnau, tok denne delen av oppgåva så alvorleg at han var frykta og hata i sør. Men den spanske presten Dominikus (dominikanarordenen sin grunnleggjar) overtalte legatane til heller å ta i bruk kjettarane sine metodar, som var langt meir effektive. Ved å gje avkall på all pomp og prakt som dei til då hadde omgjeve seg med og heller vere eit døme på evangelisk fattigdom, oppnådde dei straks langt betre resultat.

Katarar vert drivne ut av Carcassonne i 1209.

Carcassonne vart kjend for sin skjebne under Albigensarkrosstoget, som pave Innocent III gav ordre om. Ein tenar av grev Raymond VI av Toulouse (Raymond Trencavel sin onkel) skal etter greven sin ordre ha drepe legaten Pierre de Castelnau den 15. januar 1208.

Pave Innocent III vart rasande og gav ordre om at militær makt skulle setjast inn mot albigensarane og føraren deira, grev Raymond, og erklærte i juli 1209 heilag krig eller kjettarkrosstog mot dei etter å ha erklært katarane som satanistar. Etter å ha inntatt Béziers og massakrert dei 20 000 innbyggjarane der, tvinga krosstogshæren til Simon de Montfort innbyggjarane i Carcassonne til å overgje seg 15. august 1209, etter å ha omleira byen i to veker. Då hadde nesten alle innbyggjarane kome seg unna gjennom underjordiske gangar og gøymd seg i skogane rundt. Av dei gjenverande 500 innbyggjarane (gamle, sjuke, born), fekk hundre forlate byen nakne, «med berre sine synders last», og dei øvrige 400 vart brende eller hengde.

Etter å ha tatt Trencavel til fange og latt han døy i sitt eige fengsel kort tid etter, tok Montfort sjølv over byen og vicomtetittelen. Han forsterka festningsverka og Carcassonne vart no ein grenseby mellom Frankrike og Aragon.

Underlagt den franske krona[endre | endre wikiteksten]

I 1240 prøvde sonen til Trencavel å gjenerobre eigedommane sine, men det var nyttelaust. Han vart nøydd til å gje avkall på sin rett til eigedommane i 1246. Året etter vart eigedommane til Trencavel, mellom anna Carcassonne, konfiskerte og underlagt den franske kongen, Ludvig IX. Han og etterfølgjaren Filip III forsterka festninga kraftig, saman med fem andre festningar langs grensa mot Aragon (i dagens Spania). Desse festningane vert kalla Cascassonne sine fem søner. Bygginga av ein ytre ringmur med tårn vart sett i gang i 1248. Filip fekk laga ein hovudport i den indre muren i Cité, Narbonnaiseporten, i tillegg til St. Nazariusporten med innhegning, Trésautårnet og eit vakttårn på slottet som ikkje finst i dag. Han fekk òg restaurert fleire av dei gallo-romerske tårna.

Eit opprør mot krona i 1262 vart straffa ved at ein del av Carcassonne sine innbyggjarar vart drivne ut av byen. Desse fekk etterpå lov til å busetje seg på venstrebreidda av Aude, og kong Ludvig IX grunnla den nedre bydelen Bastide Saint-Louis, som no er ein del av Ville Basse.

Festninga vart på denne tida sett på som umogeleg å gå til åtak på. I 1355, under Hundreårskrigen, mislykka Edward, den svarte prinsen i eit forsøk på å ta byen, sjølv om troppane hans øydela og brende den lågareliggande bydelen. Han vart etter kvart bygd opp att.

1500–1800[endre | endre wikiteksten]

Frå 1531 spreidde den kalvinistiske protestantismen seg i området. Cité vart verande katolsk, medan den nedre bydelen konverterte til protestantismen, noko som førte til ein blodig konflikt mellom dei to bydelane i Carcassonne. I 1582 vart den nedre bydelen tildelt tittelen «ville» av Languedocstatane. Den sterke rivaliseringa heldt fram med åndeleg og politisk makt (biskopen og kongen sine representantar) i Cité på bakketoppen, og økonomisk makt og velstand i den nedre bydelen.

Ved freden i Pyreneane i 1659 vart grenseprovinsen Roussillon overført til Frankrike, og Carcassonne si militære rolle vart redusert. Dette var byrjinga på slutten for det stolte Cité. Festningsverka vart forlatne på 1700-talet og stein vart teken frå festninga til bygging av nye konstruksjonar og reparasjonar av gamle. Taka raste saman, og festninga forfall kraftig.

Den nedre bydelen blømde derimot, på grunn av tekstilindustri med produksjon av ull. Ein kongeleg fabrikk vart oppretta i 1694 på la Trivalle, denne kan ein framleis sjå i dag. Byen vart eit økonomisk sentrum og velstanden kan ein sjå på bygardane som vart oppført på 1700-talet. Etter kvart føretrekte borgarane og autoritetane bydelen Ville Basse i staden for Cité. Tekstilindustrien gjennomgjekk derimot si første krise i 1783.

I 1800 vart bydelane slått saman, og året etter vart det religiøse setet flytta frå St. Nazariuskatedralen til St. Michelkyrkja i den nedre bydelen. Napoleon I nedgraderte festninga tre år etter. Etter dette fekk festninga minimalt med vedlikehald av krigsministeriet.

I 1810 vart Canal du Midi lagt om og endeleg flaut han gjennom sentrum av den nedre bydelen. Gjennom første halvdel av 1800-talet gjekk det betre for tekstilindustrien igjen, men den nådde ikkje det høge nivået han hadde før 1780-talet. Ville Basse utvikla seg vidare, medan Cité sakte sokk ned i vanstell, med ein fattig og arbeidslaus folkesetnad og forfall av den gamle festninga. Forfallet var så stort at den franske regjeringa avgjorde at alt skulle rivast i 1849. Denne avgjersla sette i gang ein reaksjon som redda Cité frå total utsletting. Byen vart klassifisert som eit historisk monument, og eit omfattande restaureringsarbeid vart byrja, leia av arkitekten Eugene Viollet-le-Duc.

I 1857 fekk Carcassonne jernbane, og frå 1870 vart tekstilindustrien sterkt redusert. Vindyrking vart meir og meir vanleg i Carcassonne og omland, og vingardar voks opp over alt rundt byen.

Restaurering[endre | endre wikiteksten]

Teikning frå Cité av arkitekt Eugene Viollet-le-Duc.

Då den franske regjeringa si avgjersle om riving vart offentleggjort i 1849, førte det til rabalder. Carcassonne sin antikvar og borgarmeister, Jean-Pierre Cros-Mayrevieille, og forfattaren Prosper Mérimée, som var oppsynsmann for historiske monument, leia ein kampanje for å bevare festningsverka som eit historisk monument. Seinare same år fekk arkitekten Eugene Viollet-le-Duc oppdraget med å renovere festninga. Han hadde då allereie jobba med restaureringa av St. Nazariusbasilikaen sidan 1844.

I 1853 starta restaureringsarbeidet på murane mot vest og sørvest, etter følgt av tvillingtårna på Narbonnaiseporten på austsida, som er hovudinngang til cité. Festningsbygningane vart slått saman her og der, og hovudvekta av arbeidet vart lagt på å restaurere taka på tårna og ringmurane. Arkitekten, Viollet-le-Duc, gav ordre om riving av strukturar som stod inn mot ringmurane, nokre av dei var svært gamle. Arkitekten lét etter seg rikeleg med notat og teikningar då han døydde i 1879. Eleven hans, Paul Boeswillwald, heldt fram restaureringsarbeidet på Carcassonne, og seinare heldt arkitekten Nodet fram. Restaureringa var først ferdig på 1960-talet.

Restaureringa vart sterkt kritisert då Viollet-le-Duc levde. Han hadde tidlegare jobba i Nord-Frankrike, og gjorde den feilen at han brukte skifer og gav tårntaka kjegleform, når den lokale byggeskikken tradisjonelt hadde nytta seg av takstein og låge skråtak. Men trass i at ikkje strukturane er autentiske etter restaureringa, er ein einige om at Viollet-le-Duc har utført eit genialt restaureringsarbeid på Carcassonne.

Festningsbyen[endre | endre wikiteksten]

Dei største attraksjonane i Cité de Carcassonne utanom ringmuren, er slottet frå 1100-talet og St. Nazariusbasilikaen frå 1000-talet. Kyrkja har interessante glasmåleri og gravmæle. I den nedre bydelen utmerkar trettnhundretalskyrkjene St. Michel og St. Vincent, rådhuset, justispalasset og torghallane seg.

Ringmuren[endre | endre wikiteksten]

Gangen mellom den ytre og indre ringmuren.

Festningsanlegget i Carcassonne har ein dobbel ringmur og 53 tårn. Den indre muren har bygningsdelar frå gallo-romersk tid (200- og 300-talet) og går meir enn 1000 meter rundt bakken. Mesteparten av dagens indre mur er derimot resultat av rekonstruksjon, mellom anna to tredjedelar på slutten av 1200-talet og i byrjinga av 1300-talet. To hovudseksjonar står igjen frå gallo-romersk periode: det søraustre hjørnet og muren til Marquièretårnet, Vieulastårnet og Connétabletårnet i nordfasaden. Desse gallo-romerske tårna har hesteskoforma grunnflate. Marquièretårnet, som er det mest autentiske av dei, har romanske bøygde vindaugeopningar. På austfasaden er det òg restar av eit tårn frå denne perioden, St. Sernintårnet. Dette vart delvis bygd opp att på 1200- og 1400-talet.

Den 1 600 meter lange ytre ringmuren følgjer den indre muren og er bygd mellom 1228 og 1245. 5 vakttårn og 14 runde tårn delar muren inn i seksjonar. Eitt av tårna, Vadetårnet, er eit av dei største i festningsverka, og inneheld både brønn, eldstad, brødomn og latriner. Dette sirkelforma tårnet stod ferdig i 1245, og er det einaste tårnet i den ytre muren som har skulpturell dekorasjon. Mellom den ytre og indre muren er ein rydda gang, smal mot vest og vidare mot nord, sør og aust.

Narbonnaiseporten[endre | endre wikiteksten]

Narbonnaiseporten.

Narbonnaiseporten, eller Narbonneporten, er den mest imponerande konstruksjonen frå 1200-talet. Porten er festninga sin inngang mot aust, og er flankert av to svære tårn med spisse tak og eit dobbelt vakttårn. Portbygningane er godt utstyrt med monumentale eldstader, saltkar og vasstankar, og kunne huse mange soldatar i lengre periodar under omleiring. Porten var òg utforma med tanke på prestisje i tillegg til sin militære funksjon. Romma er plassert over kvarandre på forskjellige nivå, og bygningen er eit elegant døme på gotisk arkitektur. Inngangen var stengd av ein kjetting, og porten hadde doble låsar. I krigssituasjonar kunne trebjelkar monterast over porten og på toppen av tårna for å forsterke forsvaret. I dag er porten den einaste inngangen til Cité med bilveg.

St. Nazariusbasilikaen[endre | endre wikiteksten]

St. Nazariusbasilikaen.
Foto: Jean-Pol Grandmont

St. Nazariusbasilikaen vart først nemnd som kyrkje i 925. 12. juni 1096 kom pave Urban II til Carcassonne der han velsigna bygningssteinane til ein katedral via dei heilage Nazarius og Celsus, to martyrar fra Milano-området under det første hundreåret e.Kr. Katedralen vart bygd som ei krosskyrkje, med eit bredt romansk hovudskip der kvelvinga var støtta av to sidegangar med romanske bogar. Byggearbeida skal ha vore ferdig i første halvdel av 1100-talet. Av den romanske katedralen, er berre hovudskipet og sideskipa intakt i dag. Apsiden var øydelagd under den gotiske rekonstruksjonen mellom 1269 og 1320. Den nye gotiske apsiden er polygonisk, og han har glasmåleri med Kristus som tema. Katedralen fekk òg tverrskip under rekonstruksjonen, og eit kor med seks kapell vart sett opp på tuftene etter det romanske koret. Kapella på nord- og sørsida har glasmåleri med «Jesse tre» (Jesu stamtre) og «Livets tre» som motiv. På hovudskipet erstatta 22 vindauge veggane mellom dei smale kvelvribbane for å hylle det andelege lyset. Mellom anna finst det to store rosevindauge, med Jomfru Maria og Kristus som tema. Katedralen vart òg dekorert med mange skulpturar. Inngangen til hovudskipet i katedralen er på nordsida. Han består av eit våpenhus med skulpturelle dekorasjonar.

St. Nazarius mista katedralverdet til St. Michelkyrkja i den nedre bydelen i 1801, men han står framleis fram som ein katedral. I 1898 innvilga pave Leo XIII kyrkja tittelen basilika og ho fekk i tillegg namnet Pave Leo XIII sin basilika.

Slottet Château Comtal[endre | endre wikiteksten]

Château Comtal, slottet i Cité.

Vicomte Bernard Aton Trencavel av Carcassonne starta bygginga av slottet, det såkalla «palatium», inn mot austsida av muren på 1100-talet. Det skulle erstatte eit eldre primitivt slott som skal ha stått der tårna på Narbonnaiseporten er i dag. Det romanske slottet bestod av to hovudgrupper av bygningar på ein etasje plassert vinkelrett mot kvarandre, dominert av eit kvadratisk midttårn. Taket på bygningane var krenelert (brystvern med skyteskår). Nordsida av bygningane stod ferdig i 1150, saman med eit slottskapell vigd til Jomfru Maria. Det einaste som finst av kapellet i dag er apsiden. Bygningane og kapellet danna då ei U-form rundt ein gardsplass.

Etter Trencavel sitt fall fekk slottet nye forsvarsverk. I perioden 1228-1239 vart det bygd ein mur med brystvern og runde tårn med skyteskår rundt hovudbygningane. Etter 1242 vart det bygd ein ekstra etasje på dei romanske bygningane, og ein ny bygning til vart sett opp mot den sørlege muren. Restar av dette kan ein sjå på den sørlege gardsplassen («cour du midi»). Rundt 1300 vart det kvelva kammeret i midttårnet dekorert med veggmåleri med dyre- og slagmotiv.

Slottet sin festning er av dei best bevarte strukturar frå mellomalderen i Europa. Slottet er ombygd fleire gongar opp igjennom hundreåra, og det er vanskeleg å sjå for seg korleis det kan ha sett ut då det var bustad for vicomtefamilien.

Ville Basse[endre | endre wikiteksten]

Neptunfontena frå 1770 på Place Carnot, torget midt i Bastide.

Den nyare delen av Carcassonne vert òg kalla Bastide St. Louis, som var namnet på bydelen då han vart grunnlagt i 1262. Den eldste delen av byen var omgjeve av ein 2 800 meter lang ringmur bygd mellom 1355 og 1359 av greven av Armagnac. Muren hadde ein bastion i kvart hjørne, St.Martial i nordvest, la Figuières i nordaust, Montmorency i søraust og la Tour Grosse eller les Moulins i sørvest (denne vert no kalla du Calvaire). På slutten av 1700-talet hadde byen fire portar. Muren vart rive saman med tårn og bastionar i 1806. Den eldste delen av Ville Basse er i dag ramma inn av bulevardar som vart bygd på 1700- og 1800-talet over dei gamle vollgravene. Byplanen har ei stram form, som eit sjakkbrett rundt eit hovudtorg, Place Carnot, med ein Neptunfontene frå 1770. Kvar tysdag, torsdag og laurdag er det marknad rundt fontena på Place Carnot.

St. Michelkatedralen[endre | endre wikiteksten]

Då kong Ludvig IX grunnla den nedre bydelen i 1247, gav han ordre om å byggje to kyrkjer, ein på kvar side av den nye byen. Dei skulle viast til St. Michel og St. Vincent. St. Michel har eit breitt skip og ein stor apside og apsidekapella i austenden. Det romanske tverrskipet og koret vart seinare erstatta med gotiske strukturar, men hovudskipet står framleis. Kyrkja sine glasmåleri er frå 1300-talet fram til 1500-talet. Kyrkja fekk kvelvtak på 1700-talet. St. Michel fekk katedralstatus i 1803. Kyrkja vart råka av brann i 1849, og restaureringsarbeida etter brannen varte nesten 20 år.

St. Vincentkyrkja[endre | endre wikiteksten]

St. Vincentkyrkja har eit breitt hovudskip og kvelvtak, og er eit godt døme på den gotiske arkitekturen som utvikla seg i Languedoc. Kyrkja har eit oktogonisk klokketårn med 47 klokker, rosevindauge og glasmåleri frå 1400-talet. Inne i kyrkja står det fire statuar av St. Vincent, St. Louis og to apostlar frå 1300-talet som tidlegare har stått i nisjar ved inngangen.

Pont Vieux[endre | endre wikiteksten]

Den gamle brua Pont Vieux.
Foto: Pau Canal i Oliver

Brua Pont Vieux over elva Aude har knytt Cité og Ville Basse saman sidan 1300-talet. Steinbrua var truleg ferdigbygd i 1320, og har 12 halvsirkelforma bogar som varierer i storleik med ein diameter frå 10 til 14 meter. Omtrent midt på brua er det eit medtatt metallkrusifiks som markerer grensa mellom den gamle og nye byen. Brua vart endra noko under restaurering i 1820.

Canal du Midi og Pont Marengo[endre | endre wikiteksten]

Kanalen som knyter Atlanterhavet med Middelhavet, Canal du Midi, går gjennom Carcassonne like nord for Bastide St. Louis. Kanalen er byen sin andre verdsarvstad. Han var bygd på 1600-talet av Pierre-Paul Riquet, men vart ikkje lagt gjennom Carcassonne før på slutten av 1700-talet. Då den opphavlege kanalen var ferdig i 1681, var løpet lagt to kilometer frå byen. Dette vart fort sett som ein stor ulempe for Carcassonne, og forskjellige planar vart lagt dei neste tiåra for å endre løpet på kanalen. Arbeidet med å legge om løpet av kanalen vart påbyrja i 1787, og heile anlegget vart opna 31. mai 1810 saman med hamnebassenget, Pont Marengo, Pont de la Paix og Pont D'Iéna.

Pont Marengo («Marengo bru») kryssar Canal du Midi og knyter Carcassonne med den lokale jernbanestasjonen. Det er stor trafikk i slusene her, og kanalbåtane som ferdast på kanalen er vorte ein turistattraksjon. Brua er kalla opp etter Slaget i Marengo, der Napoleon sigra over Austerrike i 1800.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ville Basse har framleis tekstilindustri, i tillegg til produksjon av sko og gummi. Bydelen er òg vorte eit sentrum for vinproduksjon. Men store delar av Carcassonne sine inntekter kjem frå turismen knytt til mellomalderbyen og båtar som seglar på Canal du Midi. Rundt 3 millionar turistar vitjar Carcassonne kvart år. På slutten av 1990-talet starta flyplassen i Carcassonne å handsame økonomireiser til og frå andre europeiske flyplassar, t.d. frå Dublin, London (Stansted) og Brüssel.

I juli kvart år går to av Carcassonne sine mest populære festivalar av stabelen, «Festival de La Cite» og «Festival de la Bastide». Festival de La Cite vert halden i Cité og vart første gong arrangert i 1957, men festivalen sine kulturelle røter går tilbake til 1908. Festivalen har både konsertar, opera, dans- og teaterførestillingar, med nasjonale og internasjonalt kjende artistar. Dei historiske omgjevnadane gjev festivalen ei unik stemning. Festival de la Bastide vert halden i den nedre bydelen, og er ein musikk- og teaterfestival med rundt 70 gratis arrangement som består av moderne musikk, verdsmusikk og jazz.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Engelsk[endre | endre wikiteksten]

  • Catlos, Brian: The Rough Guide to Languedoc Roussillon. Rough Guides, first edition
  • Graham-Leigh, Elaine: The Southern French Nobility and the Albigensian Crusade: The Trencavel Viscounts of Carcassonne and Beziers. The Boydell Press 2005. ISBN 1-84383-129-5
  • McConnell, Jean: The legend of Carcassonne. University of London P 1962. ASIN: B0000CLEPA
  • Panouillé, Jean-Pierre: Carcassonne, History & Architecture. Ouest France 1999. ISBN 2-7373-2497-1.
  • Paterson, Linda: The world of the Troubadours, medieval occitan society. Cambridge University Press, 1995

Fransk[endre | endre wikiteksten]

  • Bruand, Yves: La cité de Carcassonne: les enceintes fortifiées. I Congrès archéologique de la France, Paris, 1973, pp. 496– 515.
  • Bruand, Yves: La cité de Carcassonne: la citadelle ou château comtal. I Congrès archéologique de la France, Paris, 1973,pp. 516– 532.
  • Débax, Hélène: La féodalité languedocienne: XIe - XIIe siècles: serments, hommages et fiefs dans le Languedoc des Trencavel. Presses Universitaires du Mirail 2003. ISBN 2-85816-651-X
  • Dovetto, J.: Carcassonne. Éditions APA-POUX 1996. ISBN 2-907380-68-0.
  • Girou, Jean: La cité de Carcassonne. Challamel 1948.
  • Panouillé, Jean-Pierre: Carcassonne. Le temps des sièges. Paris, CNMHS/Presses du CNRS, 1992. ISBN 2-87682-067-6.
  • Quilaine, Jean & Fabre, Daniel: Histoire de Carcassonne. Toulouse, Privat, 1984, 323 p. ISBN 2-7089-8234-6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Carcassonne