Euramerika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Euramerika i devontida

Euramerika (òg kalla Laurussia eller Det gamle raude kontinentet) var eit mindre superkontinent som oppstod i devontida som følgje av ein kollisjon mellom Laurentia og Baltica (den kaledonske orogenesen).

Euramerika vart ein del av det store superkontinentet Pangaea i permtida. I juratida delte Pangea seg i to kontinent, Gondwana og Laurasia og Euramerika var ein del av Laurasia. I krittida delte Laurasia seg opp i kontinenta Nord-Amerika og Eurasia. Den laurentinske kratonen vart ein del av Nord-Amerika, medan Baltica vart ein del av Eurasia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]