Eusko Abertzale Ekintza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Logotipo de Acción Nacionalista Vasca.svg

Eusko Abertzale Ekintza - Acción Nacionalista Vasca (Baskisk nasjonalistaksjon) (EAE-ANV), ofte berre forkorta til ANV er eit baskisk politisk parti. Partiet var det første baskiske nasjonalistpartiet som stod på ei sosialistisk plattform.

ANV vart stifta i 1930, som ein reaksjon på samanslåinga av Euzko Alderdi Jeltzalea (Det baskiske nasjonalistpartiet) og det konservative Comunión Nacionalista Vasca. Partiet har stilt til val sidan 1960-talet, på plattforma til paraplyorganisasjonen Euskal Herri Askapenerako Mugimendua (Den baskiske nasjonale frigjeringsrørsla).

Spania si undertrykking av baskiske nasjonalistar og separatistar har vorte trappa opp dei siste åra. Etter at Batasuna og dei fleste andre partia som jobbar for baskisk sjølvstende vart forbodne i 2003, har ANV auka oppslutnaden sin ein del. Etter lokalvalet i 2007 vart fleire av listene deira erklært ulovlege av spanske styresmakter, fordi Spania såg på dei som eit framhald av Batasuna. Resultatet av dette var at andre parti med nokre få prosent oppslutnad vart sitjande med ordførarverv. I byen Ondarvoa fekk ANV over halvparten av røystene. Dei andre partia ville ikkje ta plassane og verva dei fekk i bystyret når ANV-lista vart erklært ugyldig. Den regionale administrasjonen har seinare måtta setja ned ein byadministrasjon av folk som ikkje er folkevalde. Denne gruppa vart møtt med store demonstrasjonar, og har i dag møta sine i Bilbao, som ligg femti kilometer frå Ondarvoa.

I byrjinga av 2008 vart også ANV og kommunistpartiet EHAK erklært ulovlege. Fleire av ANV sine leiarar, talsmenn og ordførarar har vorte arresterte og fengsla for samarbeid med terrororganisasjonen ETA, utan at det nokon gong har vore nokon samanheng mellom ETA og ANV.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]