Bilbao

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bilbao
Bilete frå parken Etxebarria
Bilete frå parken Etxebarria
Flagget til Bilbao Byvåpenet til Bilbao
Flagget til Bilbao Byvåpenet til Bilbao
Kallenamn
«El Botxo («Holet»)»
Motto
«La Muy Noble y Muy Leal e Invicta Villa de Bilbao»
(Den edlaste, mest lojale og uslåelege)
Plassering
Bilbao is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Baskarland
Provins Bizkaia
Grunnlagd 15. juni 1300
Borgarmeister Iñaki Azkuna
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

41,3 km²
499.4 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

353 168
  8 551,3 /km²
Koordinatar 43°15′″N 2°55′″WKoordinatar: 43°15′″N 2°55′″W
Høgd over havet 19 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 480XX
Telefon-retningsnummer 94
Nettstad: www.bilbao.net


Bilbao (baskisk Bilbo) er den største byen i Baskarland og provinshovudstad i den spanske provinsen Bizkaia. Byen ligg ved Biskayabukta og har rundt 350 000 innbyggjarar. Bilbao er ein viktig hamneby med skipsverft, handel og jernindustri. Byen har universitet og er kjend for Guggenheim-museet sitt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bilbao ligg ved Bilbaoestuaret og er ein stor hamneby og eit industrisenter. Storbyområdet rundt byen har kring 950 000 innbyggjarar, noko som er det femte største i Spania. Sjølve byen er den tiande største i Spania.[1]

To små fjellkjeder, Pagasarri i sør og og Artxanda i nord, ligg kring byområdet. Dette har gjeve byen kallenamnet sitt, «el botxo», eller «holet»

Historie[endre | endre wikiteksten]

St. Anton-kyrkja og brua, som er symbolet på byen ein kan sjå på byvåpenet.
Domkyrkja i Bilbao.

Bilbao vart grunnlagd som ein landsbyn av Don Diego Lopez de Haro V, herre av Bizkaia, den 15. juni 1300 på motsette side av elva frå ein eldre fiskelandsbyen (i dag Bilbao la Vieja eller Bilbo Zarra, «Gamle Bilbao»).

Opphavet til bynamnet er uklårt. Enkelte meiner det kan kome frå bel vado, det gamle spanske ordet for «vadestad», medan andre meiner det kjem frå det baskiske bi albo som tyder «to elvebreidder».

Don Diego gav byen rettar og privilegium slik at han kunne vekse. Byen voks jamt, men seint. Rettane til Bilbao vart tekne ille opp av nærliggande landsbyar og det enda stundom med vald. På 1400-talet vart det krig mellom adelsfamiliar i byen, som då hadde kring 3000 innbyggjarar. Tre flaumar og ein brann råka byten og Santiago-kyrkja vart nesten totalt øydelagd. Byen vart bygd opp att og voks utanfor bymurane.

I 1511 fekk Bilbao eit konsulat av den spanske krona, og dette gjorde at byen vart den største hamnebyen for eksport av Merino-ull frå Castilla til nordeuropeiske byar som Antwerpen. Bilbao vart den viktigaste byen kommersielt og økonomisk på den spanske nordkysten i perioden under Det spanske imperiet.

I 1602 vart Bilbao hovudstad i Bizkaia etter den tidlegare hovudstaden Bermeo. Velstanden i byen auka konstant dei neste hundreåra, særleg etter det vart oppdaga store jernførekomstar i dei omliggande åsane. Mot slutten av 1600-talet klarte Bilbao seg bra gjennom den økonomiske krisa som råka Spania, mykje på grunn av jernmalmen og handelen med England og Nederland. På 1700-talet voks byen framleis og utfylte nesten heile landområdet mellom fjella.

På 1800-talet kom den industrielle revolusjonen til Bilbao og det vart utvikla gruve-, stål og skipsindustri. På byrjinga av 1900-talet var Bilbao den rikaste byen i Spania.

Bilbao vart omleira fire gonger av karlistane under karlistkrigane, men byen vart aldri erobra, noko som går igjen i mottoet til byen.

I 1886 vart Deusto Universitet grunnlagd i byen.

Bilbao var på republikanarane si side under den spanske borgarkrigen og var hovudstad for den første basksiske sjølvstyrte regjeringa leia av José Antonio Aguirre. Ein forsvarsring, Cinturón de Hierro (Jernbeltet), vart bygd rundt byen med kraftig artilleri og mange bunkersar med tunnelar i mellom. Trass i dette la troppane til Franco omleiring på byen. Bruene vart øydelagde for å hindre fienden, men byen var elles forholdsvis urørt av krigen.

Under Franco-regimet hjelpte tungindustrien i byen økonomien i Spania og tusenvis av innflyttarar frå sentrale og sørlege område av Spania kom til Bilbao.

I 1983 vart byen råka av ein kraftig flaum som gjorde stor skade på den eldste delen av byen. Fleire menneske mista livet.

Byen har i nyare år gjennomgåte store fornyingar for å fjerne industripreget og heller fokusere på turisme og tenester.

Den nye Calatrava-brua.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bilbao

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AUDES project 2007 statistical data