ETA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ETA

Skipa31. juli 1959
VerkeområdeBaskarland
Ideologibaskisk nasjonalisme, revolusjonær sosialisme, sjølvstenderørsle, separatisme, Ezker abertzalea
Oppløyst3. mai 2018

Euskadi Ta Askatasuna (ETA; 'Baskisk heimland og fridom' på baskisk) er ein væpna baskisk terroristorganisasjon, som har som mål å danna ein sjølvstendig, sosialistisk, baskisk stat samansett av sju spanske og franske provinsar i Pyreneane. ETA er stempla som ein terroristorganisasjon av EU og Sambandsstatane. ETA er rekna for å ha stått bak 800 dødsfall mellom 1968 og 2003, dei fleste av desse var spanske politifolk eller militære.

Historie[endre | endre wikiteksten]

ETA vart grunnlagd i 1958. Symbolet deira er ein slange som kveilar seg rundt ei øks. Slangen representerer politikarar, øksa representerer den væpna kampen. Symbolet er eit uttrykk for eit symbiotisk forhold mellom politisk verksemd og væpna kamp. Organisasjonen har drive politisk kamp gjennom det no forbodne Batasuna, som likevel ikkje har formelle band til ETA.

Fram til 1968 vart kampen til ETA ført gjennom relativt fredelege aksjonar som øydelegging av infrastruktur og spanske symbol og å hengja opp det forbodne baskiske flagget på offentlege stader.

I 1968 vart ein politimann i ein vegkontroll skoten og drepen av ein ETA-medlem. Ved starten på den væpna kampen sin hadde ETA stor støtta i den spanske opposisjonen mot Franco-regimet og hjå det baskiske folket. Særleg populært var det då dei i 1973 drap admiral Luís Carrero Blanco, som skulle verta Franco sin etterfølgjar. Etter at Franco døydde i 1975 gav dei fleste baskiske organisasjonane opp kampen og godtok den delvise autonomien som spanske styresmakter då lova baskarane. ETA godtok ikkje dette, men ville framleis føra væpna kamp for eit fullt sjølvstendig Baskarland. Dette førte til ei splitting i det baskiske folket.

Utover 1980-åra trappa ETA etterkvart opp valden. Samstundes danna dei spanske styresmaktene den illegale antiterrorstyrka Grupos Antiterroristas de Liberación (GAL), som kidnappa og drap fleire ETA-medlemer som seinare viste seg å vera uskuldige i dei brotsverka dei var mistenkte for. Etter denne skandalen endra Spania strategi, og danna antiterrorlover med sikte på å knekka ETA. Arresterte medlemer vart fordelte rundt i fengsel i heile landet for å splitta dei. I dag sit nærare 700 ETA-medlemar i fengsel.

Sommaren i 1998 skreiv dei spanske styresmaktene og andre baskiske organisasjonar ein fredsavtale. Deretter erklærte ETA ei einsidig våpenkvila og starta forhandlingar med regjeringa til Partido Popular. ETA sa opp våpenkvila på grunn av det dei oppfatta som manglande vilje til dialog og kompromiss hjå motparten, og i januar 2000 gjennomførte dei det første åtaket etter våpenkvila.

Etter terroråtaka 11. september 2001 og den påfølgjande innføringa av antiterrorlover vart ETA meir og meir pressa, og fleire og fleire av aksjonane deira har vorte avverja av spanske tryggingsstyrkar.

I 2003 vart partiet Batasuna erklært ulovleg. Ved regionvalet i 2005 oppmoda ETA tilhengjarane sine om å røysta på det fram til då relativt ukjende baskiske kommunistpartiet EHAK, som ved dette valet fekk 12,5 % av røystene i regionen Baskarland.

ETA starta ei ny einsidig våpenkvile i mars 2006. Denne braut dei i desember same år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: ETA