Eviggrøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristtorn er døme på eviggrøne buskar som held på blada sine medan lauvtre rundt feller sine.
Foto: Evelyn Simak

Alltidgrøn eller eviggrøn er nemningar for ei plante som har grøne blad heile året. Somme artar er det ein kallar vintergrøne, det vil seie at dei held på blada inntil dei nye blada foldar seg ut ved lauvsprett. I motsetning til desse to gruppene har ein dei lauvfellande plantene, som mister blada om vinteren, der det er kaldt, eller i tørketida, når vasstapet er for stort for planta.

Dei fleste eviggrøne plantene held på blada i halvtanna år til fem år, men rekorden ligg på omkring 40 år (Pinus longaeva).

I tropane er dei fleste plantene eviggrøne. I Skandinavia utmerker bartrea seg. Av andre eviggrøne bladplanter i skandinavisk natur er eføy og kristtorn mest kjent, men her finn ein òg eviggrøne lyngplantar, og bregner.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!