Ewa Kłobukowska

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ewa Kłobukowska

Ewa Kłobukowska i 1964
Statsborgarskap Polen
Fødd 1. oktober 1946 (77 år)
Warszawa
Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Språk polsk
Høgd 170 centimeter
Ewa Kłobukowska på Commons

Ewa Janina Kłobukowska (fødd 1. oktober 1946) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Warszawa, som vann OL-gull på 4x100 m stafett i 1964 og to EM-gull i 1966.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kłobukowska tok bronsemedaljen på 100 meter under sommarleikane 1964 i Tokyo. På 4x100 m stafett spurta ho Polen inn til gullmedalje på tida 44,6 sekundar, tre tidels sekund føre USA på andreplass. Teresa Ciepły, Irena Kirszenstein og Halina Górecka hadde sprunge dei tre første etappane.

Under europameisterskapen 1966 i Budapest bytta ho og Irena Kirszenstein på å ta gull og sølv på 100 m og 200 m. Kłobukowska tok gullet på 100 på same tid som landsmannen, medan Kirsztensin sette europarekord med 23,1 på 200 m og slo Kłobukowska med tre tidels sekund. Saman sette dei europarekord på den korte stafetten med 44,4, i lag Elzbieta Bednarek og Danuta Straszynska.

Utestengd[endre | endre wikiteksten]

Kłobukowska vart ved Europacupen for lag i Kiev i 1967 utestengd frå å tevle, grunna ein kjønnstest som fann at ho hadde «eitt kromosom for mykje». Ho la deretter opp. Hadde ho vorte testa eitt år seinare, hadde ho fått tevle ved dei olympiske leikane etter ein då hadde kunna påvise at ho er eit såkalla Barr Body-tilfelle, ein person med ein inaktiv X-kromosmon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]