Eyvind Fjeld Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eyvind Fjeld Halvorsen (fødd 4. mai 1922 på Ringerike, død 19. mars 2013 på Kolsås) var ein norsk filolog.[1]

Eyvind Fjeld Halvorsen vart cand.philol. i 1947, og reiste deretter på studieopphald i Paris to år. I 1949 tok han til å undervisa i norrøne studiar ved University of Glasgow, og blei verande der til 1954,[2] då han vart dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo. I 1959 vart han dr.philos, med avhandlinga The Norse Version of the Chanson de Roland om Rolandskvadet.[3] Frå 1962 blei han utnemnt av universitetet til professor i norrøn filologi. Denne stillinga heldt han i nøyaktig 30 år, og han var også dekanus for det historisk-filosiske fakultetet frå 1964-69. Han har skrive ei rekkje artiklar for Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder.

Eyvind Fjeld Halvorsen fekk mykje å seia for utviklinga av det norske skriftspråket på 1900-talet. I trettiårsperioden frå 1958-1988 veksla han mellom å vera formann og viseformann i Norsk språknemnd, som blei til Norsk språkråd i 1972. Han sat også i Stadnamnutvalet.[4]

Eyvind Fjeld Halvorsen var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1961.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]