Ringerike kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ringerike kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0605
Fylke Buskerud
Adm.senter Hønefoss
Areal 1553 km²
Folkemengd 29 400 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Kjell B. Hansen (Ap)
Målform Bokmål
Nettstad www.ringerike.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0605.svg
Ringerike kommune på Commons

Ringerike er ein bykommune i Buskerud fylke. Hønefoss er kommunesenter, og nesten halvparten av innbyggjarane i kommunen bur her. Andre tettstadar er Tyristrand, Sokna, Hen og Hallingby.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ringerike strekker seg frå Oslomarka i søraust til åsane mot nedre Hallingdal i nordvest, og i Ådalen til nord for innsjøen Sperillen.

Kommunen er eit trafikk-knutepunkt der vegar som E-16, Rv. 7 og Rv. 35 og jarnbanelinjer som Bergensbanen, Randsfjordbanen og Roalinja møter kvarandre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ringerike er sett saman av dei norrøne orda Hringr (ring) og Riki (rike eller landskap). Dette namnet er blitt brukt sidan ein byrja å skriva norsk historie.

I 1964 blei dei tidlegare kommunane Hole, Norderhov, Tyristrand, Hønefoss og Ådal del av Ringerike kommune. Hole vart sidan ein eigen kommune igjen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ringerike er den største jord- og skogbrukskommunen i eit fylke der dei fleste kommunane driv med desse næringsvegane. Dei viktigaste industrigreinene er treforedling (Norske Skogindustrier, Follum og Huhtamaki), betongproduksjon (Spenncon og Unicon), mekaniske verkstadar og kartproduksjon (Statens kartverk).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]