Xavi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xavi
Xavi Hernández - 002.jpg
Personleg informasjon
Namn Xavier Hernández Creus
Fødselsdato 25. januar 1980 (34 år)
Fødestad Terrassa i Spania
Høgd 170 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 6
Ungdomsklubb
1991-97 Spania Barcelona
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1997- Spania Barcelona 474 (56)
Landslag**
1998-2001
2000-
2000-
Spania Spania U21
Spania Spania
Catalonia Catalonia
25 (7)
131 (13)
10 (2)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 6. juni 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 6. juni 2014.

Xavier Hernández Creus, kjend som Xavi (fødd 25. januar 1980 i Terrassa i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han har spelt for Barcelona i heile proffkarrieren sin, og vart seriemeister med Barcelona i 1999, 2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013. Han vann òg den europeiske meisterligaen med Barcelona i 2006, 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. Han vart kåra til årets spanske spelar i 2005.

Xavi debuterte for det spanske A-landslaget 15. november 2000 i ein kamp mot Nederland. Han var med i Spania sin tropp til alle EM og VM frå 2002 til 2010. Han vart kåra til beste spelar i turneringa då Spania vart europameistrar i 2008. I 2010 spelte han alle kampane i VM då Spania vart verdsmeistrar. Han vart igjen europameister med Spania i 2012 og spelte alle kampane også i den turneringa.