FN Browning 1903

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
FN Browning 1903 brukt av politiet i Det osmanske riket.

FN Browning 1903 var ein sjølvladepistol teikna av John Browning og laga av belgiske Fabrique Nationale. Han vart introdusert i 1903 og bruka patronar i kaliber 9x20 mm Browning Long. Han har ein enkel blow-back-mekanisme.

Pistolen må ikkje forvekslast med Colt 1903 i kaliber .32 ACP eller den tilsvarande modellen med utvendig hane i kaliber .38 ACP, sjølv om dei au var konstruert av Browning, og mekanismen er lik. Den vidgjetne våpenkonstruktøren selde modellane sine til begge bedriftene (og andre med).

Svensk Husqvarna modell 1907.

På grunn av at han var påliteleg, treffsikker, vog lite og var rask å lade om, vart FN modell 1903 gjeven ut som tenestevåpen i mange politistyrkar og militærvesen, mellom dei det belgiske, det nederlandske, det tyrkiske og det svenske. I Sverige vart denne pistolen produsert på lisens som Husqvarna modell 1907. Den sovjetiske tokarevpistolen var delvis ei vidareutvikling av FN 1903, men med ein meir avansert låsemekanisme som gjorde at han kunne bruke kraftigare ammunisjon, og med enklare hanesystem og utvendig hane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: FN Browning 1903

Kjelder[endre | endre wikiteksten]