Kaliber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Kaliber er eit ord for den innvendige diameteren av eit røyr eller den utvendige diameteren av ein vaier eller eit stavobjekt. Ordet kjem frå fransk calibre som kjem frå det arabiske ordet quâlib, som tyder form eller modell. Arabarane brukte ordet om formene ein støypte kuler i og dette var også den opphavleg litterære tydinga av ordet caliberengelsk.

Omgrepet nyttast som oftast i høve til skytevåpen om tverrmålet på løpet og prosjektilet i den tilhøyrande ammunisjonen, men det er óg i bruk på andre område.

Skytevåpen[endre | endre wikiteksten]

For skytevåpen er kaliberet tverrmålet på innsida av løpet. I eit rifla løp blir avstanden målt frå rilletopp til rilletopp, altså den diameteren som er tilgjengeleg for kulelekamen.

Kaliberet er som regel angitt i millimeter eller centimeter, men i Storbritannia, USA og mange andre engelsktalande land er kaliberet angitt i hundre- eller tusendels tommar saman med nemninga cal.

Kaliberet til eit våpen blir ofte nytta som eigennamn på enkelte vanlege skytevåpen. Ein .45 cal pistol kallast såleis for ein «kaliber 45», ein 9 mm halvautomatisk pistol kallast ein «ni-millimeter» osb. Ofte blir nemninga nemninga cal misforstått til å vera ei eksakt måleeining (t.d. som nemning på 1/100 tomme), medan det altså berre er ei forkorting som brukast for å opplyse om at det er kaliber det er snakk om.

Av historiske årsaker tilsvarar det trivielle namnet på patronskytevåpen ikkje alltid det eksakte kaliberet. Til dømes avfyrer den populære .38 Special-revolveren eigentleg kuler med ein diameter på 0,357 tommar.

Kaliberet i seg sjølv er ikkje ein god indikator på eit prosjektil sin anslagsstyrke mot eit mål. Vekt og form på kula, kruttkapasiteten i patronhylsa og lengda på løpet er nokre av dei mange faktorane som verkar inn.

Små handvåpen varierer i kaliber frå 4,5 millimeter og opp til 13 millimeter, medan våpen som nyttast til storviltjakt og liknande kan ha kaliber på over 20 millimeter. Til samanlikning var 1800-talet sine muskettar og munnlada rifler rundt 15 millimeter eller grovare.

Kaliber som lengdemål[endre | endre wikiteksten]

Lengda på løpet (særleg for større våpen) er ofte nemnt i kaliber. Lengdeverdien er den effektive lengda på løpet frå sluttstykket til munningen delt på løpet sin diameter. Ofte brukast prefikset L/ for å indikere lengde. Til dømes vil den vanlegaste kanonen på ein Panzer IV-tank angis som ein «75 mm. L/48», det vil seie eit løp med ein diameter på 75 mm. og 3600 mm. lengde (75 x 48 = 3600).

Andre mål på våpenstorleik[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på løpet, spesielt for større våpen, kan óg angis i vekteininga pund. Eit prosjektil av bly med same diameter som løpet vil ha ei viss vekt. Bly har vore eit velegna materiale fordi det lett kan formast, men egnar seg ikkje like godt til store prosjektil på grunn av den høge tettleiksgraden.

Dermed blir enkelte våpen slik som kanonar o.l. refererte til som ein «6-punder», ein «25-punder», osb. Etterkvart som form og materiale i ammunisjonen har endra seg seier likevel dette berre noko om vekta på prosjektilet og gir ikkje lenger ein indikasjon på kaliberet, eller tverrmålet.

Annan bruk av kaliber[endre | endre wikiteksten]

I arkitekturen er ei søyle sitt kaliber det same som diameteren. I samband med elektrisitet er kaliberet for eit instrument det same som den høgaste verdien det kan måle. I maritim språkbruk er kaliberet for ein kjetting diameteren på metallstengene kvar lekk er laga av. Ein del landbruksprodukt er óg angitt med kaliber (diameter), til dømes oliven, erter og egg. I typografien angir kaliberet til ein skrifttype storleiken på auget for eit teikn uavhengig av kor høge eller låge stavar det har. I urmakarterminologi brukast omgrepet kaliber for å opplyse om storleiken og typen av urverk som er brukt i eit ur.

I norsk daglegtale nyttast ordet kaliber ofte om personar i skildrande form. Det kan vera negativt, slik som «Han var ein skurk av verste kaliber» eller postivt, som i «Men vår helt var av eit heilt anna kaliber». Dette kan ha slektskap med tidleg engelsk munnleg bruk av ordet om sosial status, kvalitet eller rang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]