Fairford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Fairford

River Coln, Fairford
River Coln, Fairford
Plassering
Fairford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Gloucestershire
Distrikt Cotswold
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

3 219
Koordinatar 51°42′″N 1°47′″WKoordinatar: 51°42′″N 1°47′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer GL7
Telefon-retningsnummer 0 1285
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fairford

Fairford er ein liten by i Gloucestershire i England. Han ligg i Cotswolds, ved elva Coln. Like utanfor byen ligg RAF Fairford og Cotswold Water Park.

Soknekyrkja St. Mary's kyrkje er kjend for glasmåleria sine. Dei er, som kyrkja, frå 1400-talet, og det er einaste nesten komplette sett med glasmåleri frå denne perioden i Storbritannia. Vindauga syner historier frå Det gamle og Det nye testamente, og vart laga av Barnard Flower, glasmeisteren til Henrik VII, mellom 1500 og 1517. Vindauga vart restaurert på slutten av det 1900-talet.

RAF Fairford er kvart år vertskap for Royal International Air Tattoo, som er det største militære flystemnet i verda. Dette er ei viktig inntektskkjelde for byen og omlandet.

Fotballklubben Fairford Town FC spelar heimekampane sine på Cinder Lane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]