Fairouzeh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fairouzeh
فيروزه
landsby
Land  Syria
Guvernement Homs
Distrikt Homs
Nahiyah Homs
Høgd 550 moh.
Koordinatar 34°42′08″N 36°45′32″E / 34.70222°N 36.75889°E / 34.70222; 36.75889
Folketal 6 456  (2004)
Kart
Fairouzeh
34°42′08″N 36°45′32″E / 34.702222222222°N 36.758888888889°E / 34.702222222222; 36.758888888889
Wikimedia Commons: Fairouzeh

Fairouzeh (arabisk: فيروزه) er ein landsby nær byen Homs. Han ligg 5 km søraust for Homs. På grunn av den urbane utviklinga i området vert Fairouzeh, som den nærliggande Zaydal, i dag rekna som ein forstad til Homs. I 2004 hadde han eit folketal på6 456.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg etniske assyrarar.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg til namnet «Fairouzeh» er omdiskutert. Mange meiner at det kjem frå ordet fayruz, som tyder «turkis» på syrisk, ein dialekt av arameisk språk som framleis vert nytta av folk i kyrkja si. Den turkise fargen syner til grønfargen i det omliggande landskapet. Andre historikarar meiner at namnet kjem frå Gamletestamentet der det kan vere byen kalla «Berothah» (2. Samuelsboka, 8:8).

Gamle Fairouzeh[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i landsbyen var bønder. Dei fleste eigde nok land til å dyrke kveite, bygg, linser, oliventre og vindruer. Nesten alle familiane heldt sauer, geiter og høner. Dei opphavlege bøndene hadde òg hestar, eslar og kyr.

Vatn fekk dei frå djupe brunnar (18 til 20 meter). Dei to mest kjende brunnane (Jub) var Jub Hamza og Jub Jaaber. Utan desse to brunnane hadde det ikkje vore mogeleg å leve i Fayruzah. Jub Hamza står framleis midt i landsbyen som eit monument for framtidige generasjonar.

St. Elias syrisk-ortodokse kyrkje

Dagens Fairouzeh[endre | endre wikiteksten]

Frå slutten av fyrste verdskrigen fram til etter 1960-åra, flytta mange innbyggjarar i Fayruzah til Sør-Amerika og USA, der dei søkte betre levevilkår. I dag bur det samfunn med folk frå Fairouzeh i Los Angeles, Detroit, Jacksonville og Miami.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2004 Arkivert 2020-08-05 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Homs guvernement. (arabisk)
  2. Smith, 1841, s. 175.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]