Arameisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arameisk
Klassifisering afroasiatisk
 semittisk
  sentralsemittisk
   nordvestleg
Bruk
Tala i Iran, Irak, Israel, Libanon, Syria, Tyrkia
Område Midtausten
Arameisktalande i alt ca. 2 millionar
Skriftsystem arameisk, gammalsyrisk, hebraisk, mandeisk
Språkkodar
ISO 639-1 Ingen
ISO 639-2 Ingen
ISO 639-3 Fleire

Arameisk er eit semittisk språk som er nært i slekt med fønikisk og hebraisk, som begge høyrer til den nordvestlege gruppa, og noko fjernare med arabisk. Arameisk skrift blei brukt til å utvikla andre skriftsystem, og har mellom anna gjeve opphav til hebraisk og arabisk.

Arameisk var daglegspråk i Judea under den andre tempelperioden (539 f.Kr.–70), og er brukt i fleire jødiske heilage tekstar. Det var truleg også språket til Jesus og dei han forkynde til. Arameisk var liturgispråk i tidleg kristendom, og ei form er framleis i bruk i syrisk kristendom. Moderne arameiske språk blir tala av spreidde grupper i Midtausten.

Syrisk stele frå 600-talet med ei arameisk innskrift. Funne i Neirab eller Tell Afis i Syria.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Arameisk utvikla seg blant aramearar nord i Syria på 2000-talet f.Kr. Det var brukt i bystatane Damaskus, Hamath og Arpad. Dei eldste skriftlege døma på språket er frå 900-talet f.Kr., hovudsakleg diplomatiske dokument sende mellom bystatane.

Arameisk spreidde seg nord- og austover og erstatta gradvis akkadisk som lingua franca i den fruktbare halvmånen i tida 800–600 f.Kr. På 400-talet f.Kr. blei det riksspråk i Persarriket. Standardisert riksarameisk blei brukt til å kommunisera i heile det store området Akamenide-dynastiet herska over. Samstundes utvikla språket seg i ulike retningar dei ulike stadene det blei tala, og frå det første hundreåret kan det delast inn i vest- og austarameisk.

Frå 600-talet, då veksten til islam medførte spreiing av arabisk, blei arameisk i stor grad fortrengd av dette.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Arameisk blei mykje brukt av jødar, som tidlegare hadde snakka hebraisk. Dei babylonske og jerusalemske versjonane av Talmud og nokre tekstar i Gamletestamentet er skrivne på arameisk (Esra 4,8–6,18 og 7,12–26, Daniel 2,4–7,28). Det er dermed svært truleg at Jesus og disiplane hans brukte språket. Seinare brukte også kristne og mandearar former av språket. Former av arameisk blir i dag brukt som liturgisk språk av syrisk kristne (gammalsyrisk), mandearar og samaritanarar.

Lokk med magisk spiralforma innskrift på arameisk. Frå 700-800-talet, funne i Susa i Iran.

Skrift[endre | endre wikiteksten]

Arameisk skrift blei utvikla frå det fønikiske alfabetet rundt 1000 f.Kr. Det blei både utvikla ei «firkanta» form som ein ser att i hebraisk skrift, og ei kursivform kjend som det syriske alfabetet. Dette gav seinare, gjennom nabateisk skrift, opphav til arabisk. Det mandeiske alfabetet er også utvikla frå det arameiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Arameisk

Wikipediaarameisk



Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.