Falsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Røystebanda vert i normal tale nytta i heile tjukna.
Ved falsett er det berre den øvste delen av røystebanda som vert nytta, kontaktflata er mykje tynnare og røysta blir lysare, og enklare.

Falsett (av italiensk falso, ’falsk’) er ein tale- og songteknikk der ein nyttar det øvste registret i røysta. Mannlega songarar som syng i falsett vert i klassisk musikktradisjon kalla kontratenorar. Også kvinner kan synge i falsett, men røystekvaliteten skil sig ikkje like mykje frå vanleg song.

Falsett er også vanleg i mannleg tale. Når gutar er i stemmeskifte kan røysta veksle ufrivillig mellom normalt register og falsett.

Kjente falsettsongarar innan pop og rock er mellom andre Brian Wilson (Beach Boys), Matthew Bellamy (Muse), King Diamond (Mercyful Fate), Barry Gibb (Bee Gees), Freddie Mercury (Queen), Justin Hawkins (The Darkness), Thom Yorke (Radiohead) og Neil Young .

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne musikkartikkelen som har med song å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!