Fantoft stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 60°20′22″N 5°21′10″E

Fantoft stavkyrkje i 1975.

Fantoft stavkyrkje, eller på bokmål Fantoft stavkirke, er ei stavkyrkje som står på Fantoft i Fana bydel i Bergen. Kyrkja vart opphavleg bygd om lag 1150, og stod i Fortun i Sogn og Fjordane fylke. Då denne stavkyrkja vart riven, kjøpte konsul F. G. Gade i Bergen mykje av tømmeret i 1883, for at dei delane av kyrkja som ein rekna med skreiv seg frå mellomalderen skulle kunne nyttast i ein rekonstruksjon av den opphavlege mellomalderkyrkja på eigedomen hans på Fantoft ved Bergen. Borgund stavkyrkje var førebilete for rekonstruksjonsarbeidet, som vart leia av konservator Anders Lorange.

Ein steinkross frå mellomalderen på ein haug attmed kyrkja er flytta frå Tjora i Sola kommune i Rogaland.

I 1992 vart Fantoft stavkyrkje sett i brann, og ho vart totalskadd. Ein kopi av kyrkja vart reist på same staden i 1997.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]