Fehmarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fehmarn
Nordaustsida av Fehmarn
Nordaustsida av Fehmarn
Geografi
Fehmarn in OH.png
Stad Austersjøen
Koordinatar 54°26′15″N 11°11′49″EKoordinatar: 54°26′15″N 11°11′49″E
Areal 185,45 km²
Høgaste punkt Hinrichsberg (27 moh.)
Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Ostholstein
Største busetnad Fehmarn
Demografi
Folketal 13 036 (2006)
Folketettleik 70 /km²

Fehmarn (dansk Femern) er ei øy og ein by i Austersjøen utanfor austkysten av Schleswig-Holstein i Tyskland. Han ligg om lag 18 km sør for den danske øya Lolland og høyrer til Landkreis Ostholstein. Arealet er 185 km² og kystlinja 78 km. Den høgaste toppen på øya heiter Hinrichsberg og er 27 meter høg.

Sidan 1963 har Fehmarn vore forbunde til det tyske fastlandet via ei hengebru, Fehmarnsundbrua. Ho er 963 meter lang og 69 meter høg.

Fehmarn Bælt, sundet mellom Fehmarn og Lolland, vert kryssa av ei ferje mellom byane Puttgarden i Tyskland og Rødbyhavn i Danmark. Overfarten tar om lag 45 minutt. Eit fast samband (ei bru eller ein tunnel) er planlagt å erstatte ferja i framtida.

Den største delen av byen er Burg og har 6 000 innbyggjarar. I tillegg er det mange små landsbyar. Kysten er stoppestad for mange trekkfuglar, og derfor ettertrakta av ornitologar. I Burg ligg det eit stort akvarium, som består av 40 fisketankar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fehmarn

Kjelde[endre | endre wikiteksten]