Felleskjøpet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Felleskjøpet

Org.formSamvirkelag
BransjeDetaljhandel, jordbruk
Skipa5. februar 1896
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://www.felleskjopet.no/ (norsk)

Felleskjøpet er ei gruppe av uavhengige, kooperative selskap eigd av medlemene i det geografiske nedslagsfeltet sitt. Felleskjøpa er den viktigaste leverandøren av driftsmiddel til det norske landbruket, og er i tillegg den største kjøparen av norskprodusert korn. Samvirkelaget vart skipa på bakgrunn av idéen om at felles innkjøp gav betre innkjøp.[1]

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Felleskjøpet skal bidra til å betra økonomien i medlemmene på kort og lang sikt, gjennom innkjøp, foredling, sal og distribusjon av driftsmiddel, forbruksartiklar og tenester til landbruket.

Felleskjøpet består av to uavhengige, bondeeigde selskap som opererer i to geografiske område. Selskapa er organiserte etter samvirkeprinsippa. I 2022 var det samla talet på medlemer 41 000. Dei viktigaste produktområda til felleskjøpa er kraftfôr, korn, gjødsel, såvarer, maskinvarer, forbruksartiklar til landbruket og fagleg kompetanse.

Felleskjøpa har til saman 4 107 tilsette fordelt på 231 butikkar og omtrent 50 kornmottak spreidd over heile landet. Samla omsetnad i for Felleskjøpet Agri er på 18,7 milliardar kroner.[2]

Regionale selskap[endre | endre wikiteksten]

Felleskjøpet består av to uavhengige, bondeeigde selskap i to geografiske område:

Soge[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid gjennom samvirke[endre | endre wikiteksten]

Frå midten av 1800-talet var det eit sterkt aukande behov for innkjøp av driftsmiddel som gjødsel, foredla såfrø, kraftfôr, industriproduserte maskinar til landbruket. Inspirert av idéar om samarbeid gjennom samvirke vart forløparane til dagens felleskjøp som vart stifta 5. februar 1896.[1]

Felleskjøpa er som samvirkeorganisasjonar eigd av medlemene, i dette tilfelle bøndene. Det er medlemene som er brukarar, og felleskjøpa har som formål å gjeva størst mogleg nytte til medlemene. Felleskjøpa er medlemer i Norsk Landbrukssamvirke, ein interesseorganisasjon for 13 landsomfattande samvirkeorganisasjonar – mellom anna TINE og Nortura.

Norske Felleskjøp (NFK)[endre | endre wikiteksten]

Norske Felleskjøp vart vedteke avvikla frå den 1. januar 2021, og verksemda vart overført til Felleskjøpet Agri SA.

Felleskjøpet Fôrutvikling (FKF)[endre | endre wikiteksten]

Felleskjøpet Fôrutvikling er samvirkelaget sitt eige selskap for forsking og utvikling av fôrmiddel til husdyr. Selskapet vart oppretta i 1992, og er lokalisert i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Historien om Felleskjøpet», Felleskjøpet.no (på norsk), henta 19. desember 2022 
  2. «Om Felleskjøpet», Felleskjøpet.no (på norsk), henta 19. desember 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]