Festninga Louisbourg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Festninga Louisbourg

Kart
Festninga Louisbourg
45°53′33″ N 59°59′6″ W
Modell av Louisbourg i 1758.

Festninga Louisbourg (fransk Forteresse de Louisbourg, engelsk Fortress of Louisbourg) er ein nasjonalhistorisk stad i Canada og ei delvis rekonstruert fransk festning ved LouisbourgNova Scotia frå 1700-talet.

Den franske busetnaden på Île Royale (i dag Cape Breton Island) kan sporast tilbake til tidleg på 1600-talet. Franskmennene oppretta ein marinebase her, heilt søraust på øya, tidleg på 1700-talet. Dette var ein av dei få stadane på øya som var isfrie om vinteren. I 1719 starta Frankrike å byggje ein festningsby ved denne hamna, og festninga stod ferdig i 1745, akkurat i tide for den første britiske omleiringa. Britane klarte å ta festninga 16. juni 1745, og ein stor fransk styrke leia av Jean-Batiste De Roye de la Rochefoucauld Duc d'Enville vart send året etter for å ta ho tilbake, men vart øydelagd av stormar, sjukdom og åtak frå den britiske marinen før dei i det heile teke kom fram.

Etter Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748, som enda den austerrikske arvefølgjekrigen, vart festninga gjeve tilbake til Frankrike i byte for Madras i India, som Frankrike hadde kapra frå Storbritannia.

Under sjuårskrigen, i 1758, vart det franske fortet igjen angripe av britane og 26. juli 1758 måtte franskmennene igjen gje frå seg festninga. Britiske ingeniørar øydela festninga i 1760 for å hindre at franskmennene tok ho i bruk ved seinare høve, og staden vart forlaten etter sjuårskrigen var over.

I dag er festninga ein nasjonalhistorisk stad i Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Festninga Louisbourg

Koordinatar: 45°55′17″N 59°58′13″W