Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aachen i dagens Tyskland

Aix-la-Chapelle-traktaten, underskriven i 1748 i Aix-la-Chapelle, dagens Aachen i Tyskland, avslutta den austerrikske arvefølgjekrigen. Ein kongress vart samla ved den keisarlege fribyen Aachen vest i Det tysk-romerske riket den 24. april 1748. Det resulterte i ein traktat som vart underskriven den 18. oktober 1748.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia og Frankrike dikterte traktaten og andre nasjonar følgde dei foreslåtte punkta som var:

  1. Austerrike anerkjende Fredrik II av Preussen si erobring av Schlesien utan å tape delar av dei italienske områda til Spania. Frankrike trekte seg tilbake frå Nederlanda til gjengjeld for å få nokre av sine koloniar levert tilbake. Frankrike mottok øya Cape Breton (utanfor Canada) ved å gi opp Madras (dagens Chennai i India) til britane og overgav Barrier-byane (festningsbyane) Veurne, Ypres, Menen, Tournai, Mons, Charleroi, Namur og Gent til nederlendarane.
  2. Maria Teresia av Austerrike overgav Hertugdømet Parma i Italia til Spania.
  3. Hertugdøma Modena og Reggio og Republikken Genova vart gjenoppretta.
  4. Asiento-kontrakten som vart garantert til Storbritannia i 1713 via Freden i Utrecht vart fornya [1]

Spania kom med motseiingar seinare til klausulane i Asiento-kontrakten, og Madridtraktaten, signert den 5. oktober 1750, stipulerte at Storbritannia skulle gje opp sine krav under dei klausulane til gjengjeld for ein sum av £100 000.

I kjernen vart fredstraktaten i Aachen og Den austerrikske arvefølgjekrigen konkludert til ein status quo ante bellum ('slik ting var før krigen'). I den kommersielle striden mellom Storbritannia og Frankrike i Vest-India, Afrika og India var ingenting avgjort. Traktaten var ikkje eit grunnlag for ein varig fred.

Reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

I Frankrike var det ein generell misnøye over det som vart sett på som ein sjanse på tåpeleg vis hadde vorte skusla bort (spesielt i dei austerrikske Nederlanda som hovudsakleg hadde vorte erobra ved den briljante strategien til marskalk Saxe) og det vart populært i Paris å bruke frasen «la guerre pour le roi de Prusse» ('krig for kongen av Preussen').

Tilsvarande var dei britiske kolonistane i New England og handelsmenn tilbake i Storbritannia misnøgd med tilbakeføringa av Louisbourg til franskmennene etter de hadde nytta 46 dagar med å omleire festninga før ho vart erobra. Denne misnøya vart eit tidleg frø for den seinare amerikanske revolusjonen. Storbritannia utveksla Louisbourg for Madras (no Chennai), erobra av den franske admiralen Bourdonnais i 1746.

Kongeleg fyrverkeri med spesialskriven musikk av Händel markerte traktaten i England.

I Storbritannia vart kong Georg II sett på som den som hadde leia krigen og freden til det aller beste for Hannover, der han sjølv var kurfyrste, enn for Storbritannia og den britiske hovudfeiringa av freden vart halden først seks månader seinare med fyrverkeri i Green Park i London til spesialskriven musikk av George Friedrich Händel. Denne feiringa vart bevisst halde nær den kongelege bustaden Buckingham House slik at feiringa presenterte kongen i eit betre lys. Det viste seg for øvrig at fyrverkeriet var mindre heldig enn musikken – den enorme trebygningen som fyrverkeri vart sendt opp frå tok fyr på grunn av eit basrelieff av kongen som fall ned. Handel hadde ønska å presentere musikken sin som ein ouverture, men den britiske krona hadde gjeve han tittelen Music for the Royal Fireworks (HWV 351) som propaganda for den elles upopulære fredsavtalen og ditto monark.

Kong Georg II og Storbritannia fekk ein fordel frå avtalen ved at ein klausul kravde at franskmennene anerkjende at Huset Hannover hadde arva den britiske trona og dei måtte derfor utvise jakobittane frå Frankrike.

I kontrast til den franske og britiske misnøya med avtalen oppnådde Italia ein stabilitet i landet sitt for første gong på 1700-talet. Dei nye territoriale avtalane og tiltredinga av den pasifistiske Ferdinand VI av Spania tillet Den andre fredstraktaten i Aachen til å vare heilt fram til utbrotet av dei franske revolusjonskrigane i 1792.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Freden i Åbo, signert den 7. august 1743 mellom Det russiske keisardømet og Sverige
  • Freden i Füssen, signert den 22. april 1745 mellom Austerrike og Bayern
  • Freden i Dresden, signert den 25. desember 1745 mellom Austerrike, Sachsen og Preussen

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Asiento» tyder 'avtale' på spansk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]