Sjuårskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjuårskrigen
Kunersdorff.jpg
Slaget ved Kunersdorf av Alexander Kotzebue, 1848.
Dato 1756–1763
Stad Europa, Afrika, India, Nord-Amerika, Filippinane
Resultat Status quo i Europa

St. Petersburg-traktaten
Paris-traktaten
Hubertusburg-traktaten
Partar
Flagget til Preussen Preussen
Union flag 1606 (Kings Colors).svg Storbritannia og koloniane deira
Flagget til Hannover Hannover
Flag of the Iroquois Confederacy.svg Irokesarføderasjonen
Flag Portugal (1707).svg Portugal
Wappen Braunschweig.svg  Braunschweig
Flagget til Hessen Hessen-Kassel
Flag Germany Emperors Banner.svg Det tysk-romerske riket
Pavillon royal de France.svg Frankrike og koloniane deira
Flagget til Russland Det russiske imperiet
Sweden-Flag-1562.svg Sverige
Bandera de España 1701-1760.svg Spania og koloniane deira
Flag of Electoral Saxony.svg Sachsen
Flagget til Dei to Sicilia Napoli
Flagget til Sardinia Sardinia
Kommandantar
Flagget til Preussen Fredrik II
Flagget til Preussen Friedrich Wilhelm von Seydlitz
Det britiske flagget John Manners
Det britiske flagget Edward Boscawen
Det britiske flagget Baron Clive
Det britiske flagget James Wolfe 
Det britiske flagget Baron Amherst
Det britiske flagget Edward Braddock 
Flagget til Hannover Ferdinand av Braunschweig
Flagget til Det tysk-romerske riket Graf von Daun
Flagget til Det tysk-romerske riket Franz Moritz von Lacy
Flagget til Det tysk-romerske riket Karl Aleksander av Lorraine
Flagget til Det tysk-romerske riket Ernst von Laudon
Flagget til Frankrike Ludvig XV
Flagget til Frankrike Louis-Joseph de Montcalm  
Flagget til Russland Elizabeth
Flagget til Russland Pjotr Saltykov
Flagget til Sachsen Fredrik August II

I sjuårskrigen (1756–1763) var alle dei europeiske stormaktene på denne tida med, og mellom 900 000 og 1,4 millionar menneske miste livet. Britane kom med i krigen to år etter han starta og kalla han seinare sjuårskrigen, sjølv om han i røynda varde i ni år. Preussen, Kurfyrstedømet Braunschweig-Lüneburg og Storbritannia (medrekna britiske koloniar i Nord-Amerika, Det britiske Ostindiske kompaniet, og Irland) slost mot Austerrike, Frankrike (medrekna den nordamerikanske kolonien Ny-Frankrike og Det franske Ostindiske kompaniet), Det russiske riket, Sverige og Sachsen. Portugal (på britisk side) og Spania (på fransk side) vart seinare inndregne i konflikten, og ein styrke frå dei nøytrale Sameinte Nederlanda vart påteken i India.

Krigen gjorde ende på stillinga Frankrike hadde som stor kolonimakt i Amerika, og landet miste flest alle områda sine i Nord-Amerika, attåt nokre i Karibia. Det miste òg stoda som største stormakta i Europa,[1] fram til den franske revolusjonen. Samstundes kom Storbritannia fram som den dominerande kolonimakta i verda. Den franske marinen vart kraftig redusert, som gjorde at berre ei kraftig oppbygging saman med Den spanske marinen kunne føre til at Royal Navy atter kunne trugast til sjøs.[2] På andre sida av verda fekk Det britiske Ostindiske kompaniet den sterkaste stillinga i India, som seinare vart «juvelen i Det britiske imperiet». Krigen vart av Winston Churchill skildra som den fyrste «verdskrigen»[3] av di han var den fyrste konflikten i historia som vart utkjempa på heile jorda, endå flest alle statane var europeiske. Som ein delvis engelsk-fransk konflikt var krigen ein av dei viktigaste fasane av den andre hundreårskrigen på 1700-talet.[4] Krigen starta med at Fredrik den store av Preussen invaderte Sachsen.

Andre namn[endre | endre wikiteksten]

I Canada, Frankrike og Storbritannia vert sjuårskrigen nytta for å skildre den nordamerikanske konflikten, samt europeiske og asiatiske konfliktar. Denne konflikten varde derimot i ti år. I USA vert den nordamerikanske delen av krigen kalla den franske og indianske krigen. Konflikten i India vert stundom kalla den tredje karnatiske krigen, medan kampane mellom Preussen og Austerrike vert kalla den tredje schlesiske krigen.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Krigen vert ofte sagt å vere eit framhald av den austerrikske arvefølgjekrigen, der kong Fredrik II av Preussen, kjend som Fredrik den store, hadde hærteke store delar av Schlesien. Keisarinne Maria Teresia av Austerrike hadde skrive under Aix-la-Chapelle-traktaten i 1748 slik at ho kunne få tid til å byggje opp att hæren sin og skape nye alliansar, noko ho greidde med stor suksess. Det politiske kartet over Europa vart teikna på nytt etter nokre år. Under den såkalla diplomatiske revolusjonen i 1756 danna dei gamle fiendane gjennom hundrevis av år, Frankrike, Austerrike og Russland, ein allianse mot Preussen.

Preussen hadde berre stønad frå Storbritannia. Det britiske kongehuset stamma frå Hannover, som britane no meinte var truga av Frankrike. Dei to stormaktene utfylte kvarandre. Britane hadde alt den mektigaste marinen i Europa, medan Preussen hadde den mektigaste hæren på kontinentet, slik at Storbritannia kunne setje dei fleste soldatane sine i koloniane.

Den austerrikske hæren hadde gjennomgått ei overhaling etter det prøyssiske systemet. Maria Teresia, som gjorde mange av generalane sine til skamme med militærkunnskapen sin, hadde pressa på for å få gjennom reformer. Ho naut stor vyrdnad hjå soldatane sine for interessa ho synte i velferda deira.

Den andre årsaka til krigen var striden mellom koloniane til Det britiske imperiet og Det franske koloniimperiet. Etter kvart som koloniane vart større, oppstod det strid om dei nye landområda.

Krigen byrjar[endre | endre wikiteksten]

Den formelle opninga av krigen i Europa skjedde etter at det hadde vore kampar i Nord-Amerika, der dei britiske koloniane langs austkysten ekspanderte vestover til dei kom i konflikt med franske område i Mississippidalen seint i 1740-åra og tidleg i 1750-åra. For å kome utvidinga av Virginia og Pennsylvania i forkjøpet, bygde franskmennene fleire fort i det som i dag er vestlege område av Pennsylvania i midten av 1750-åra, og freistnader frå britane på å drive dei bort, vert generelt rekna som ein del av den franske og indianske krigen, som sjuårskrigen vert kalla i USA.

Etter å ha fått rapportar om samanstøytane i Nord-Amerika og fått sikra seg støtte frå Storbritannia, gjekk Fredrik over grensa til Sachsen, ein av dei mindre tyske statane i forbund med Austerrike. Dei saksiske og austerrikske armeane var ikkje klar for dette og i slaget ved Lobositz hindra Fredrik den isolerte saksiske armeen frå å verte forsterka av ein austerriksk armé under general grev Browne. Saksarane greidde derimot å seinke felttoget til prøyssarane. I Middelhavet hadde franskmennene opna eit felttog mot britane med eit åtak på Menorca. Britane greidde ikkje å sende inn forsterkingar under slaget ved Menorca, og øya vart teken. For dette vart Admiral Byng stilt for krigsrett og avretta.

Tidleg i 1757 tok Fredrik initiativet att og marsjerte mot Praha. Etter det blodige slaget ved Praha kringsette prøyssarane byen, men måtte gje seg etter Fredriks fyrste nederlag i slaget ved Kolin. Denne sumaren invaderte russarane Aust-Preussen og slo ein mindre prøyssisk styrke i det harde slaget ved Gross-Jägersdorf.

Det såg ikkje bra ut for Preussen på denne tida med austerrikarane som mobiliserte for åtak på prøyssisk-kontrollerte område og ein fransk armé under Soubise som kom inn frå vest. I det som Napoleon seinare kalla «eit meisterverk i manøver og rådsnarleik», knuste Fredrik grundig franskmennene i slaget ved Rossbach og austerrikarane i slaget ved Leuthen på berre éin månad. Med desse store sigrane tedde Fredrik seg endå ein gong som den største generalen i Europa og mennene hans som dei beste soldatane.

Britisk amfibisk krigføring[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia planla eit amfibisk raid på Rochefort, ei samkøyring mellom marinen og hæren for å ta byen og setje skipa på Charente i brann. Toktet starta 8. september 1757 med Sir John Mordaunt som kommandant over troppane og Sir Edward Hawke over flåten. Den 23. september vart Île-d'Aix teken, men på grunn av dårleg handlekraft av militærstaben miste dei høve til å gå til åtak på Rochefort,[5] og toktet forlet Isle d'Aix og vendte tilbake til Storbritannia den 1. oktober.

Endå operasjonen var mislukka, såg jarl Pitt nytten av slike operasjonar og klargjorde liknande tokt.[5] Ein armé vart samla under kommando av Charles Spencer av Marlborough, med Lord George Sackville ved si side. Flåten nytta på toktet vart kommandert av baron Anson, Hawke, og jarl Howe. Armeen gjekk i land 5. juni 1758 ved Cancallebukta, og gjekk vidare til St. Malo, der skipa i hamna vart sette i brann. Franske styrkar kom til og hindra britane i å kringsetja byen, og troppane gjekk om bord att. Eit åtak på Havre de Grace vart avbrote og flåten siglde vidare til Cherbourg, men vêret vart dårleg og dei hadde lite proviant att, så dette åtaket vart òg avbrote. Flåten fór tilbake til Storbritannia att, men hadde greidt å øydeleggje den franske kaperverksemda og vist den nye strategien i praksis langs franskekysten.

Pitt gjorde seg no klar til å sende troppar til Tyskland, og med di både Marlborough og Sackville meinte den nye strategien var fånyttes, vart dei med på dette oppdraget. Den eldre General Bligh vart utpeikt til å kommandere ein ny landgang med flåten kommandert av Howe. Det nye toktet fekk ein god start med støtte frå marinen til å bombardere Cherbourg, medan troppane kunne gå i land uhindra. Armeen dreiv bort dei franske styrkane som skulle stogge landgangen deira, og tok Cherbourg. Her øydela dei festningsverk, hamneanlegg og skip. Troppane gjekk om bord att og flåten flutte dei til St. Lunaire-bukta i Bretagne der dei 3. september gjekk i land for å ta St. Malo igjen. Vêret vart deriomt verre og dei to armeane vart skilde frå kvarandre. Skipa siglde til ei tryggare hamn i St. Cast, medan armeen fylgde etter på land. Bligh flutte styrkane sine altfor seint slik at franskmennene greidde å ta dei att med ein styrke på 10 000 mann frå Brest. Franskmennene opna eld og baktroppen på 1400 mann under general Dury heldt franskmennene på fråstand medan resten av armeen gjekk om bord. Baktroppen greidde seg deriomt ikkje, og 750 mann, medrekna Dury, miste livet, medan resten vart tekne til fange.

Krigen på kontinentet[endre | endre wikiteksten]

Fredrik invaderte Austerrike våren 1758, men oppnådde ikkje viktige sigrar. I vest vart franskmennene slått i slaget ved Reichenberg og slaget ved Krefeld av fyrst Ferdinand av Braunschweig.

Militæroperasjonar av den russiske armeen frå polske område under sjuårskrigen 1756–1762. Dei grøne pilene er russarane sine rørsler og dei grøne sirklane er russiske basar

I aust gjekk slaget ved Zorndorf i stampe. Her møtte 35 000 prøyssarar under Fredrik ein russisk arme på 43 000 mann under grev Fermor. Russarane trekte seg tilbake frå slagmarka. Slaget ved Tornow den 25. september enda utan avgjersle etter at ein svensk arme slo tilbake seks åtak frå ein prøyssisk arme. Den 14. oktober overraska austerrikarane under marskalk Daun hovudarmeen til prøyssarane i slaget ved Hochkirch. Fredrik mista mykje av artilleriet sitt, men gjorde retrett i god orden med hjelp av det tett skogkledde landskapet.

I 1759 gjekk prøyssarane på fleire store tap. I slaget ved Kay, eller Paltzig, slo den russiske grev Saltykov med 47 000 russarar ein prøyssisk styrke på 26 000 mann kommandert av general von Wedel. Sjølv om hannoveranarane slo ein arme på 60 000 franskmenn ved Minden, tvinga den austerrikske general Daun eit heilt prøyssisk korps på 13 000 mann til å overgje seg i slaget ved Maxen. Fredrik sjølv mista halve armeen sin i slaget ved Kunersdorf, det verste nederlaget i karrieren hans som nesten førte til at han abdiserte og tok livet av seg sjølv. Nederlaget skuldast delvis at han undervurderte russarane, som alt hadde vist styrken sin ved Zorndorf og ved Gross-Jägersdorf.

Franskmennene planla å invadere Dei britiske øyane i løpet av 1759 ved å samle troppar nær munningen av Loire og frakte dei over med flåtane i Brest og Toulon. To nederlag til havs hindra dette. I august vart middelhavsflåten under Jean-François de La Clue-Sabran spreidd av ein større britisk flåte under Edward Boscawen i slaget ved Lagos. I slaget ved Quiberonbukta den 20. november tok den britiske admiral Edward Hawke med 23 linjeskip den franske Brest-flåten med 21 linjeskip under marskalk de Conflans og sokk, borda eller tvinga på grunn mange av dei, slik at franskmennene ikkje kunne gjennomføre planane sine.

I 1760 møtte prøyssarane fleire nederlag. Den prøyssiske general Fouqué vart slått i slaget ved Landeshut. Franskmennene erobra Marburg og svenskane delar av Pommern. Hannoveranarane sigra over franskmennene i slaget ved Warburg, men austerrikarane under general Laudon erobra Glatz i Schlesien. I slaget ved Liegnitz tok Fredrik ein siger trass i at fienden var tre gonger så mange. Russarane under general Saltykov og austerrikarane under general Lacy okkuperte ein kort periode hovudstaden hans, Berlin, i oktober. Mot slutten av året vann Fredrik nok eit slag då han slo Daun i slaget ved Torgau, men han tok imot store tap og austerrikarane klarte å trekke seg tilbake i god orden.

I 1761 kom ein ny nasjon inn i krigen. Spania erklærte krig mot Storbritannia den 4. januar. I slaget ved Villinghausen slo fyrst Ferdinand av Braunschweig ein 92 000 mann stor fransk arme. Russarane under Zakhar Tsjernysjov og Pjotr Rumjantsev storma Kolberg i Pommern, medan austerrikarane erobra Schweidnitz.

Storbritannia trua no å trekke støtta si og då den prøyssiske armeen hadde skrumpa inn til berre 60 000 mann, var livet til Fredrik alvorleg trua. Så døydde tsarina Elisabeth den 5. januar 1762. Hennar prøyssiskvennlege etterfølgjar, Peter III, kalla med ein gong dei russiske armeane tilbake frå Berlin (sjå St. Petersburg-traktaten i 1762) og mekla fram ein våpenstillstand mellom Fredrik og Sverige. Etter dette klarte Fredrik å drive austerrikarane ut av Schlesien med slaget ved Freiberg (29. oktober 1762), medan hans allierte i Braunschweig erobra nøkkelbyen Göttingen.

Krigen i koloniane[endre | endre wikiteksten]

Kamphandlingar oppstod i India, Nord-Amerika, Europa, Dei karibiske øyane, Filippinane og langs kysten av Afrika. I 1750-åra og fram til 1763 fekk Storbritannia enorme landområde og stor påverknad på kostnad av franskmennene. Robert Clive dreiv Frankrike frå India og general Wolfe slo dei franske styrkane til general Montcalm i slaget ved Abrahamslettene, ein siger som førte til at Quebec vart overgjeve til britane.

Storbritannia mista Menorca i Middelhavet til franskmennene i 1756, men erobra dei franske koloniane i Senegal i Afrika i 1758. Den britiske Royal Navy erobra dei franske sukkerkoloniane i Guadeloupe i 1759 og Martinique i 1762, samt dei spanske byane Havanna på Cuba og Manila på Filippinane, begge viktige spanske kolonibyar.

I 1717, etter tre års krigføring i Ohiodalen, gjekk britane til åtak på Ny-Frankrike både til sjøs og til lands. Dei franske styrkane stod imot dei britiske åtaka i Hudsondalen og franske kystforsvar forsvarte festninga LouisbourgCape Breton Island, samt tilkomsten inn til Quebec. Under ein ny britisk offensiv i 1758 klarte dei å ta Louisbourg. Den 13. september 1759, etter ei tre månader lang omleiring av Québec, slo general James Wolfe dei franske styrkane på Abrahamslettene utanfor byen. Franskmennene sette i gang eit motåtak våren 1760 med noko suksess, men klarte ikkje å ta tilbake Québec fordi dei ikkje hadde støtte frå marinen. Dei franske styrkane trekte seg tilbake til Montréal, der dei 8. september overgav seg føre dei langt meir talrike britane.

I 1762, mot slutten av krigen, gjekk franske styrkar til åtak på St. John's på Newfoundland. Om dei hadde klart dette hadde Frankrike hatt ei sterkare hand ved forhandlingsbordet. Sjølv om dei tok St. John's og overfalt nærliggande busetnader, vart dei franske styrkane til slutt slått av britiske troppar i slaget ved Signal Hill. Dette var det siste slaget i krigen i Nord-Amerika og tvinga Frankrike til å overgje seg til britane under oberstløytnant William Amherst. Dei sigrande britane kontrollerte no hele den austlege delen av Nord-Amerika.

Soga om sjuårskrigen og særleg omleiringa av Québec og dødsfallet til Wolfe, førte til at det vart laga mange balladar, skillingsviser, bilete, kart og andre trykte material som viser korleis denne hendinga prega britane lenge etter Wolfe døydde i 1759.[6]

Fred[endre | endre wikiteksten]

Kampane mellom Storbritannia og Frankrike enda i 1763 med Paristraktaten, som involverte ei komplisert rekkje av utvekslingar av landområde. Den viktigaste utvekslinga var at Frankrike avstod Louisiana til Spania og resten av Ny-Frankrike til Storbritannia, bortsett frå øyane St. Pierre og Miquelon. Frankrike fekk valet om anten å halde på Ny-Frankrike eller den karibiske koloniøya Guadeloupe. Dei valde sistnemnde som var ei god sukkerkjelde for franskmennene,[7] og avskreiv Ny-Frankrike som eit lite produktivt kystområde. Frankrike gav òg tilbake Minorca til britane. Spania mista Florida til britane, men fekk til gjengjeld New Orleans og Louisiana-territoriet vest for Mississippielva frå franskmennene. Utvekslingane høvde bra for britane, sidan deira eigne karibiske øyar alt var rik på sukker, og no når dei hadde fått Ny-Frankrike og Florida, kontrollerte dei heile Nord-Amerika aust for Mississippi, bortsett frå New Orleans.

Britane stod no overfor ei vanskeleg oppgåve med å roe ned dei tidlegare fransk-kanadiske områda, samt mange indianske stammer i dei vestlege landområda som hadde støtta franskmennene. George III si kunngjering i 1763, som forbaud kvite busetnader bortanfor Appalachane, var meint å tilfredsstille indianarane, men førte til raseri i Dei tretten koloniane som ønskte å overta landområda til dei innfødde. Quebec-lova frå 1774 var på liknande måte meint å vinne lojalitet hos dei franske kanadiarane, men òg denne skapte uro hos dei amerikanske kolonistane. Storbritannia skulle derfor snart møte ein ny militær trussel i Nord-Amerika – denne gongen frå kolonistane sjølve.

For landegrensene i Europa vart det status quo ante bellum med Hubertusburg-traktaten (februar 1763). Preussen fekk derfor behalde Schlesien og hadde overlevd tre åtak frå nabolanda, som kvar for seg alle var større enn Preussen. Preussen fekk slik større innverknad, medan Det tysk-romerske riket fekk mindre, og det har vorte hevda at denne auka innverknaden var starten på det som skulle verte den moderne tyske staten. Andre historikarar, som Fred Anderson, forfattar av Crucible of War, hevdar på den andre sida at krigen var unødvendig og kostbar.[8]

Dei tidlege forsøka til Fredrik på å ta Sachsen, som har vorte rekna som starten på sjuårskrigen, slo raskt tilbake mot han då dei europeiske stormaktene slo seg saman mot Preussen. At Fredrik klarte å forsvare Preussen og dei tidlegare erobra landområda i Schlesien vert rekna som ein stor bragd[9]. Nasjonane og rika som allierte seg mot Preussen bestod av over halve det kontinentale Europa og Fredrik møtte motstand frå fire forskjellige retningar. Den austerrikske armeen gjorde det òg bra mot Fredrik, som Napoleon Bonaparte seinare anerkjende som ein større militær leiar enn han sjølv, takket vere leiarskapen til Maria Teresia, og mista ikkje særleg prestisje eller store mannskap under krigen. Det same kan ikkje seiast om Frankrike.

Sjuårskrigen var den siste store militære konflikten på det europeiske kontinentet før dei franske revolusjonskrigane braut ut i 1792. Frå eit militært synspunkt vert sjølve slaga rekna som mindre interessante enn dei mange troppeforflyttingane som Fredrik utførte. Denne typen krigføring og forflytting vart seinare grundig studert av Napoleon.

Mange byar og andre stader i Dei tretten koloniane vart namngjevne etter Fredrik den store til minne om sigeren i krigen, mellom anna Frederick i Maryland og King of Prussia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julian Corbett (1918) England in the Seven Years' War: A Study in Combined Strategy Vol. II., andre utg.. utg. – = Longman, Green og Co., London.
  2. Paul Kennedy (1976) The Rise and Fall of British Naval Mastery – Penguin Books, London.
  3. HV Bowen (1998) War and British Society 1688-1815, s. 7 – Cambridge University Press, Cambridge. ISBN 0-521-57645-8.
  4. Tombs, Robert og Isabelle. That Sweet Enemy: The French and the British from the Sun King to the Present. London: William Heinemann, 2006.
  5. 5,0 5,1 Julian Corbett, England in the Seven Years' War: A Study in Combined Strategy, 2 Vols., (London, 1918).
  6. Virtual Vault
  7. The Canadian Encyclopedia
  8. Fred Anderson, Crucible of War (s. 506)
  9. Essay om Fredrik den store, Essays vol. 5 (1866) Hurd og Houghton

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]