Fibonacci

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fibonacci

Leonardo Pisano Bigollo, òg kjend som Leonardo frå Pisa, Leonardo Pisano, Leonardo Bonacci, Leonardo Fibonacci, eller som regel berre Fibonacci (ca. 1170–ca.1250) var ein italiensk matematikar frå Pisa i Nord-Italia. Han er mest kjend for talfølgja som er oppkalla etter han, Fibonaccifølgja.

Det er ein populær mistyding at Fibonacci 'oppfann' eller var den fyrste til å oppdage Fibonaccifølga. Denne spesielle talfølgja vart i røynda oppdaga av indiske matematikarar lenge før tida til Fibonacci.[1]

Han er kjend for

Liber Abaci

Dette er boka som presenterte det arabiske talsystemet for den vestlege verda, òg kalla titalsystemet. Boka viste kor viktig det var med eit betre numerisk system. Boka skildrar modus Indorum (den indiske metoden). Det blir vist korleis titalsystemet kan verte brukt til berekningar som mellom anna å gjere om måleiningar og halde rekneskap. Det er i denne Fibonacci presenterte Fibonaccifølgja.

Bøker av Fibonacci[endre | endre wikiteksten]

  • Liber Abaci (1202), ei bok om utrekningar
  • Practica Geometriae (1220), om geometri og trigonometri.
  • Flos (1225), løysing til det matematiske problemet framstilt av Johannes av Palermo
  • Liber quadratorum, ('Boka om kvadrat') om diofantiske likningar
  • Di minor guisa (forsvunne)
  • Kommentarar til Bok X av Euklids Element (forsvunne)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Parmanand Singh. "Acharya Hemachandra and the (so called) Fibonacci Numbers". Math. Ed. Siwan , 20(1):28-30, 1986. ISSN 0047-6269]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]