Filmen Tarzan (1999)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tarzan er ein amerikansk teiknefilm frå 1999, som vart produsert av Walt Disney Feature Animation, og utgjeven av Walt Disney Pictures og Buena Vista Distribution. Filmen er regissert av Chris Buck og Kevin Lima, og manuset er skrive av Tab Murphy. Han er basert på bokserien Tarzan of the Apes av Edgar Rice Burroughs. Filmen fekk Oscar for beste filmsong, You’ll Be in My Heart, sunge av Phil Collins i 1999. Dei originale stemmene i filmen har mellom andre Tony Goldwyn, Minnie Driver og Rosie O'Donnell, medan mellom andre Ove Christian Owe, Laila Goody og Linn Skåber har dei norske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]