Lilo & Stitch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lilo & Stitch, kalla Lilo og Stitch, på norsk, er ein amerikansk teiknefilm frå 2002 produsert av The Walt Disney Company. Tema i filmen er venskap og familie. Det er laga fire ulike filmar i Lilo og Stitch-serien pluss ein teiknefilmserie kalla Lilo & Stitch: The Series som blir synt på Disney Channel og Toon Disney. Oppfylgjaren Lilo & Stitch 2: Stitch Has a Glitch kom i 2005.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Lilo er ei lita jente som bur på Hawaii saman med storesøsteren Nani. Lilo elskar huladans og Elvis Presley, men ho har ingen ordentlege vener og kjenner seg einsam. Så Nani vil skaffe ein ven til Lilo. Samtidig lagar romvesenet Jumba eksperiment 626. Jumba blir tiltalt for å ha laga eit monster og blir sendt i fengsel. 626 rømer så med eit romskip til Jorda. Lilo og Nani adopterer 626 då dei trur at han er ein hund. 626 må òg late som han er ein hund fordi Jumba har fått løyve til å reise til jorda å fange han. Lilo gjev 626 namnet Stitch. Stitch gjer kvardagen mykje vanskelegare for dei, men Lilo lærer Stitch å bli ein flink hund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]