Findelbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Findelgletscher
Findelgletscher nær staden han møter Gornerbreen i Stockhornpasset
Findelgletscher nær staden han møter Gornerbreen i Stockhornpasset
Stad Valais, Sveits
Koordinatar 46°0′33″N 7°50′32″EKoordinatar: 46°0′33″N 7°50′32″E
Lengd 8 km

Findelbreen (tysk Findelgletscher) er ein dalbre i Monte Rosa-massivet aust for Zermatt i Wallis-Alpane. Han er 8 km lang og dekkjer eit område på kring 19 km².

Findelbreen starta ved Cima di Jazzi 3803 meter over havet, på grensa mellom Sveits og Italia. Frå der flyt breen vestover mellom Rimpfischhorn og Strahlhorn i nord og Stockhorn i sør. Bretunga ligg 2500 meter over havet.

I oktober 2009 målte ei gruppe sveitsiske forskarar lengda til breen og samanlikna det med tidlegare målingar. Dei fann då ut at breen hadde mista 49 millionar kubikkmeter is og mista ein fjerdedel av overflatearealet sidan 1850.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]