Fiolinkonsert i a-moll av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fiolinkonsert i a-moll
BWV 1041
Solokonsert av Johann Sebastian Bach
Sjanger Solokonsert
Periode Barokken
Komponert 1717-1723 i Köthen?
Publiseringsdato 1852 i Leipzig
Typisk lengd 14:33
Satsar 3
Dei første tolv taktane av den tredje satsen

Fiolinkonsert i a-moll, BWV 1041, vart komponert av Johann Sebastian Bach i 1748.

Hoffet til den unge prins Leopold ved Köthen vart det nest siste steget i den profesjonelle karrieren til Bach frå organist ved Arnstadt i 1703, til kantor ved Leipzig, frå 1723 til han døydde. Han hadde vore Konzertmeister ved Weimar (1708-1717) før han vart tilsett som Kapellmeister i Köthen, der han var i seks år. Her skreiv han mykje instrumental musikk (og lite kyrkjemusikk), men det meste av dette har gått tapt. Av dei som finst att er Brandenburgkonsertane og tre andre konsertar for solofiolin, mellom anna konserten i a-moll.[1]

Struktur og analyse[endre | endre wikiteksten]

Stykket har tre satsar:

  1. Allegro moderato
  2. Andante — med eit tema i ostinatostil.
  3. Allegro assai

Motiva i temaet i Allegro moderato dukkar opp i forskjellige kombinasjonar og er fråskilde og intensivert gjennom satsen.

I Andante nyttar Bach eit pågåande mønster i bassdelen som vert gjenteke heile vegen i satsen. Han fokuserer på variasjon i dei harmoniske forholda.

I den siste satsen støttar Bach seg til bariolage-figurar for å skape slåande akustiske effektar.

Transkripsjon[endre | endre wikiteksten]

Klaverkonsert i g-moll, BWV 1058, er eit arrangement av denne konserten for piano eller cembalo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Concerto for violin, strings & continuo No. 1 in A minor, BWV 1041Allmusic av Roger Dettmer. Henta 27. april 2010.

Referansar[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]