Flatey i Breiðafjörður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei bygd på Flatey

Flatey (Flatøy på norsk) er den nest største øya i Breiðafjörður, nordvest på Island, som består av hovudøya og førti mindre øyar. Ein meiner at øya vart danna av isbrear under den siste istida. Flatey er to kilometer lang og ein kilometer brei. Øya er nesten heilt flat (derfor namnet).

Øya har busetnad til visse tider av året og dei fleste husa vert nytta om sommaren. Om vinteren bur det totalt fem folk på øya. Trass i dette var Flatey eit av dei største kultursentera på Island med eit kloster grunnlagd i 1172. Det gamle klosteret finst ikkje lenger, men eit nyare kloster vart bygd like ved. På midten av 1800-talet budde det mykje folk på øya. Ho har òg ei kyrkje frå 1926. Interiøret i kyrkja er måla med scener frå livet på øya av den katalanske målaren Baltasar i 1960-åra mot at han fekk bu gratis på øya når han vitja ho. I dag har kyrkja status som det eldste og minste biblioteket på Island, oppretta i 1864. Biblioteket innehaldt ein gong Flateyjarbók, den største og beste boka på Island på midten av 1600-talet. Etter å ha vegra seg skal eigaren av boka (som budde på Flatey) ha gått med på å gje boka til kong Fredrik III i 1662. Først i 1971 vart boka gjeve tilbake til Island.

Øya har ein enkel veg som går frå ferjekaien til den såkalla «gamlebygda», som består av restaurerte hus og ei hamn der sauene vart frakta til slaktaren på fastlandet frå. Bortsett frå sau består dyrelivet på Flatey hovudsakleg av fuglar, særleg lundefugl. Ein kan finne halvparten av dei 37 fuglartane på Island på øyane i Breiðafjörður.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Flatey i Breiðafjörður

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 65°22′34″N 22°54′43″W