Breiðafjörður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei største buktene og fjordane på Island.
Breiðafjörður og Faxaflói er den største fjorden og den største bukta.

Breiðafjörður er ei stor grunn bukt eller fjord vest på Island, om lag 50 km brei og 125 km lang. Han skil området Vestfirðir frå resten av landet. Breiðafjörður er omkrinsa av fjell, inkludert isbreen Snæfellsjökull på halvøya Snæfellsnes på sørsida.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Tidvassone ved Skáleyjar i Breiðafjörður

Breiðafjörður har eit flott landskap som består av grunn sjø, små fjordar og bukter og den indre tidvassone som er strødd med over 3 000 øyar, holmar og skjer. Området utgjer om lag halvparten av tidsvassområdet på Island og tidvatnet kan ha ein skilnad på opp til 6 meter. Grunnfjellet vart danna av riftvulkansime seint i tertiærtida. Området består hovudsakleg av haugar av basaltisk lava som er kraftig erodert av isbreane, som har danna eit variert landskap med fleire geotermiske varmekjelder, som ein kan sjå ved fjøre sjø.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Den store tidvassona har eit stort biologisk mangfald, omfattande tareskogar og andre viktige habitat for fisk og virvellause dyr. Området har 230 artar med karplanter og rundt 50 hekkande fugleartar, inkludert toppskarv, polarmåse, havørn, ærfugl, teist og polarsvømmesnipe. Området er ein viktig stoppestad for ringgås og polarsnipe. Steinkobbe og havert held til på øyane og skjera her.

Fleire kvalartar finst òg i fjorden, som nise, kvitnos, spekkhoggar og vågekval.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Flatey i Breiðafjörður

Øyane i Breiðafjörður har vore busett så lenge det har vore folk på Island, men i dag er berre nokre få av øyane busett året rundt. Mange av øyane vert berre nytta om sommaren og naturresursar som edderdun er hovudnærninga til mange bønder her. Nokre av øyane er:

Økonomi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Fiskeri, turisme og innhausting av tang og tare er dei største inntektskjeldene i området.

Breiðafjörður er gyteplass for mange av dei viktigaste fiskeartane ved Island.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Hvammsfjörður

I fint vêr er det mogeleg å sjå kystlinja av Vestfirðir frå Snæfellsnes. Frå hamna ved Stykkishólmur går det ferje over til Vestfirðir, men ein kan óg køyre med bil og ta vegen aust for Snæfellsnes langs Hvammsfjörður, den smalaste delen av Breiðafjörður.

Kultur og historie[endre | endre wikiteksten]

Breiðafjörður

Mange av øyane i fjorden har vore busett opp gjennom tidene. Den viktigaste av desse er Flatey. I mellomalderen, særleg på 1100-talet, låg det eit augustinarkloster her som representerte eit kultursenter på Island. Den mest omfattande mellomalderdokumentet, Flateyjarbók, vart skriven her. Seinare vart øya ein viktig handelsstasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Breiðafjörður

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 65°15′N 23°15′W