Hansaen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Hansa bryggeri
Opprettinga av Hansaforbundet i Hamburg kring 1241

Hansaen var ein i hovudsak tysk handelsorganisasjon i seinmellomalderen. Samskipnaden fekk namn etter det høgtyske ordet hanse. Ordet kan tyda gruppe, fylgje, eller (handels)selskap.

Hansaforbundet voks fram på 1200-talet med den rike byen Lübeck som ei drivkraft. Gjennom handel med salt og sylv var byen den kapitalsterke hovudkrafta.

Delar av grunnlaget for hansaen sitt handelsimperium var kontrollen over landsambandet over Holstein frå Lübeck til Hamburg. Sambandet vart i 1398 utbygd med den truleg eldste kanalen i Europa, Stecknitzkanalen. Kanalen bind saman Trave-elva med Elben.

Ei viktig handelsvare for hanseatane var tørrfisk, som mellom anna kan finnast att i våpenskjoldet deira. Tørrfisken bytta dei til seg mot billeg baltisk korn i Bergen og selde han vidare i Sentral-Europa.

Hansaen var ei økonomisk stormakt i Nord-Europa og hadde mykje makt i Skandinavia. Det er spekulert i om Kalmarunionen var eit skandinavisk motgrep mot den aukande tyske innverknaden i skandinavisk politikk.

Hansaen grunnla ei rad byar, særleg i Baltikum, og ein varig verknad av den hanseatiske handelsverksemda var den sterke kulturelle og språklege tyske påverknaden på Skandinavia.

Hansaen vart i røynda oppløyst i 1669. Nokre hansabyar tok opp namnet i 1980, og etablerte eit laust samband seg imellom.

Hansaen har gjeve namn til talrike føretak. Mellom anna kan nemnast Hansa bryggeri i Bergen og det tyske flyselskapet Lufthansa.

Nokre hansabyar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Absalon Pedersson Beyer: Bergens Kapitelsbok

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]