Lundefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lunde

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: VU Sårbar

Puffin2.jpg

Systematikk
Rike: Dyr
Rekkje: Virveldyr
Klasse: Fuglar
Orden: Charadriiformes
Familie: Alkefamilien
Slekt: Fratercula
Art: F. arctica
Vitskapleg namn
Fratercula arctica
(L., 1758)
Lunde
Namn på andre språk
Norrønt Lundi
Svensk Lunnefågel
Dansk Lunde
Engelsk Puffin, Atlantic Puffin
Tysk Papageitaucher
Fransk Macareux moine
Spansk Frailecillo atlántico, frailecillo común
Russisk Atlantitsjeskij tupik (Атлантический тупик)

Lunden (Fratercula arctica), også kjent som sjøpapegøye eller lundefugl, høyrer til alkefuglane. Han er særmerkt av det fargerike nebbet sitt, som blir klart oransje under hekketida med gulraude konvekse striper bakover og er mørkebrunt inst mot hovudet.

Fuglen ein blågrå flekk omkring auget. På oversida er fuglen svart, på undersida er han kvit. Han har ein svart ring kring halsen, og er bleikt oskegrå på sidene av hovudet og på strupen. I vinterdrakt er føtene gulraude.

Newfoundland og Labrador har lundefuglen som sin nasjonalfugl.

Ein vaksen lundefugl er mellom 28 og 35 cm lang, og har eit vengjespenn på 50–60 cm. Lunden viser uvanleg dugleik i å symje og dukke, han kan flyge lågt over bølgjene og kan skjere gjennom dei med nebbet medan vengjene og føtene slår ned i vatnet. Han slår med dei korte vengjene i høg frekvens og når opp i ei ganske god flygefart. Føda er mest fisk, men lunden kan òg ta noko krepsdyr. Levetida er rundt 25 år.

Habitatet til denne alkefuglen er først og fremst i Nord-Atlanteren, det finst dessutan populasjonar i Nordsjøen, inn i Barentshavet og i Nordishavet nord til 80°N. Hekking går føre seg både på fastlandet og på øyar, meir enn halve verdspopulasjonen kan hekke på Island.

Lundefuglen hekkar i koloniar. Hekkesesongen er frå april til august, resten av året lever fuglane på havet. I Noreg hekkar lundefuglen på Vestlandet, men dei store koloniane finst frå Lofoten og nordover. Desse koloniane kan vere på fleire hundre tusen fuglar, den største kolonien er den på Røst og har vore på over 1,3 million par. I fuglefjellet bygger lundefuglen reiret sitt i gangar som han grev sjølv, eller i jordhòler eller små hòler i steinurer og i fjellsprekker. Hoa legg egg i mai–juni, og begge foreldra rugar dei. Paret får ofte berre ein unge, som blir i reiret i ca 40 dagar, og han vert veldig feit. Derfor var lundefuglungane eit lett bytte for fangstfolk då slik fangst var tillaten. I Nord-Noreg har fangst av lundefugl vore ei viktig tilleggsnæring opp igjennom hundreåra, bl.a. med hjelp av lundehund. Lundefuglen er no på nasjonal raudliste (2006) for trua artar i Noreg med status «sårbar (VU)».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lundefugl

*Dansk side med utfyllande tekst om lundefuglen