Florence Nightingale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein ung Florence Nightingale

Florence Nightingale (fødd 12. mai 1820, død 13. august 1910) – kjend som The Lady with the Lamp – var ein pioner innan moderne sjukepleie.

Ho blei fødd inn i ein rik britisk familie i Firenze i Italia. Ho blei kalla opp etter fødebyen sin (som heiter Florence på engelsk) i likskap med den eldre systera Parhenope. Ho var ei brilliant og viljesterk kvinne som gjorde opprør mot den forventa rolla for ei kvinne av hennar status, som gjekk ut på å bli ei lydig kone.

Nightingale gav seg til sjukepleie etter det ho sjølv oppfatta som eit heilagt kall. Det første opplevde ho i ein alder av 17 år i 1837 ved Embley Park og ho fekk også kall seinare i livet. Sjukepleie var ein karriere med dårleg rykte og bestod stort sett av fattigare kvinner. Tradisjonelt sett blei jobben som sjukepleiar utført av kvinner som følgde med hæren. Dei kunne like gjerne fungere som kokkar eller prostituerte. Nightingale var spesielt oppteken av dei dårlege forholda for medisinsk pleie av legionane av fattige og trengande. Ho la fram valet sitt for familien i 1845, og det vekte harme og uro blant dei, spesielt hjå mor hennar.

I desember 1844 blei Nightingale den leiande forkjemparen for betra medisinsk pleie på sjukehusa. Dette kom etter at ein tiggar døydde på eit arbeidarsjukehus i London, noko som blei ein offentleg skandale. Ho engasjerte seg straks i å støtte Charles Villiers, formannen i komiteen for The Poor Law Act. Dette gav henne ei aktiv rolle i reformasjonen av fattigdomslovene, og gjekk langt utover det å gje medisinsk pleie.

I 1846 besøkte ho Kaiserwerth, et føregangssjukehus som var grunnlagt og drive av ein orden av nonner i Tyskland. Ho vart svært imponert over kvaliteten på den medisinske pleia og av engasjementet og praksisen til søstrene.

Myten og verkelegheita[endre | endre wikiteksten]

Overklassekvinna Florence Nightingale blei rekna som ein myte og ein legendarisk person, allereie før ho var 40 år gammal. Myten blei skapt under Krimkrigen, då ho som ein mild engel med lampe i handa vandra gjennom dei dystre sjukehusstovene i Scutari og kviskra trøystande ord til såra og sjuke britiske soldatar.

Men verkelegheita er annleis enn myten, og historikarar gjev eit anna bilete av Nightingale. Ho var ikkje den ømme og milde, men den bestemte og autoritære administratoren og organisatoren. Ho ville ha plan og orden på sjukehusa, og snakka om kor viktig det var med hygieniske tiltak som ordentlege latriner og sanitære anlegg, diettkjøkken, reint sengetøy og vindauge som kunne opnast for å sleppe friskluft inn. Ho hadde ikkje mykje pent å seie om dei religiøse sjukepleiarane når det gjaldt hygiene.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Ho blir rekna for å vere skaparen av coxcomb-grafen samt ei rekkje andre statistiske konsept. Dei fleste av desse er forklarte i Notes on Matters Affecting the Health, Efficiency and Hospital Administration of the British Army som Nightingale gav ut i 1858.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Florence Nightingale