Fondy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sveitsisk fondy. Vanlegvis dyppar alle i den same gryta.

Fondy (fr. fondue, som betyr «smelta») er ein sveitsisk middagsrett der hovudingrediensen er smelta ost.

Det finst fleire variantar av kva ost som blir bruka, men i Sveits er det vanlegaste truleg å bruke ei blanding av ostane Gruyère og Emmentaler («sveitsarost»). Desse blir smelta i kvitvin i ei emaljert gryte. Mot slutten er det ikkje uvanleg å tilsetje eit lite glas av kirsebærbrennevinet Kirsch. Deretter dyppar kvar enkelt brødterningar i den smelta osten ved hjelp av lange gaflar, mens gryta putrar på ein slags primus. Det er viktig å røre med brødet i botnen av gryta for at ikkje osten skal brenne seg fast. Ofte er det knytt ei form for straff til det å miste brødbiten sin i gryta.

Sveitsarar flest insisterer på at ein må drikke kvitvin til fondy og hevdar at til dømes vatn vil gi problem med fordøyinga.

I staden for brød kan det av og til bli bruka potetar eller frukt. Mange gnir inn gryta med kvitlauk før dei smeltar osten. Meir avvikande fondyvariantar er sjokoladefondy (dyppe frukt i smelta sjokolade) og kinesisk fondy (koke kjøt i buljong).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]