Fonon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eit fonon eller ein lydkvant er eit omgrep som er danna analogt til foton eller lyskvant. Energien av eit fonon er hv, der h er Planck-konstanten og v er lydfrekvensen. Dette er same energien som eit foton har.

Medan ein i samband med lydoverføring som regel legg vekta på bølgjenaturen til lyden, må ein stundom sjå på kvante- eller partikkelnaturen til lyden for å forklare somme fenomen som finst i stoff. Eit døme er lydabsorpsjon der lydar blir omsett til varme, det vil sei termisk rørsle av atom og elektron. Ein innfører då fonon som eit nyttig omgrep. Det blir nytta spesielt i samband med termisk leiing i isolatorar der ein òg talar om fonongass, om kollisjon mellom fonon, om den frie veglengda deira osv.

Fonon vert òg nytta til å forklare superleiing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

fonon. () I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/fonon