Magnetisk monopol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det er umogeleg å lage magnetiske monopolar frå ein stavmagnet. Om ein kuttar ein stavmagnet i to, vil ikkje den eine halvdelen verte ein nordpol og den andre ein sørpol, men i staden for kvar halvdel sin eigen nord- og sørpol. Ein magnetisk monopol kan ikkje lagast av eit nordmalt stoff av atom og elektron, men må i så fall lagast av ein ny elementærpartikkel.

Magnetisk monopol er ein hypotetisk partikkel med isolert nordpol- eller sørpolmagnetisme. Ifølgje klassisk elektromagnetisme oppstår magnetfelt ved at elektriske ladningar rører seg. Uansett om denne rørsla føregår som makroskopiske straumar i spolar, eller som atomære straumar i magnetiske material, vil det alltid opptre like mykje nordpol- som sørpolmagnetisme i eit system. Teoretisk representerer dette ein usymmetri i tilhøve til elektriske felt, som kan utgå frå isolerte positive eller negative ladningar. Forsøk på å finne ei teoretisk grunngjeving for kvantiseringa av den elektriske ladningen, som alltid opptrer i multiplum av elementærladningen, har ført til ein teori for magnetiske monopol, men trass iherdige eksperiment har det hittil ikkje lukkast å påvise dei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]