Forplanting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Paring mellom vassnymfer.
Foto: Luc Viatour
Vassnymfer legg egg.
Foto: Friedrich Böhringer

Forplanting, formeiring, øksling eller reproduksjon viser til ulike måtar for organismar til å få fram avkom, éin eller fleire nye organismar.

Ein skil mellom ukjønna formeiring, der det blir danna nye organismar med likt arvestoff som forelderen, og kjønna formeiring, der nye organismar blir danna gjennom kjønnsceller som typisk har samansmelta arvestoff frå to foreldre.

Det finst døme på formeiring som ikkje så lett kan kallast det eine eller det andre. Eincella organismar, som formeirer seg gjennom celledeling, har ukjønna formeiring. Dei utvekslar likevel ofte gener med andre individ slik at dei får nye genkombinasjonar (sjå rekombinasjon).

Partenogenese er ei form for formeiring der ubefrukta eggceller utviklar seg til nye organismar. Sjølv om individa utviklar seg frå kjønnsceller, har dei berre ei mor, ingen far, og er genetisk like mora.

Sjølvbefrukting kan finna stad hjå tvikjønna organismar. Her utviklar avkommet seg frå kjønnsceller og kan vera genetisk ulike forelderen, som er både mor og far, men ein har ikkje noko genflyt mellom organismar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forplanting
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.