Eincella organismar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fleire eincella algar frå ordenen Volvocales.

Eincella organismar er organismar som berre består av ei celle. Dei fleste slike organismar er mikroskopiske, og blir derfor rekna som mikroorganismar. Andre kan ein sjå med det nakne auget.[1]

Eincella organismar er ei mangfoldig gruppe. Nokre har mange celleorganeller, som mitokondriar eller flimmerhår,[2] medan andre nesten berre har det dei treng for å kunna formeira seg. Nokre lagar skal av kiselsyre, kitin eller kalk. Dette gjeld til dømes mange frittlevande eincella protoktistar som skallamøbar, foraminiferar og soldyr.[3]

Det er kjend om lag 300 000 artar eincella organismar.[treng kjelde]Ernst Haeckel føreslo i 1866 eit eige biologisk rike for eincella organismar, protistar (Protista). Dette har ein seinare gått bort frå.[4][2]

Nokre døme på eincella organismar er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Max Planck Society Research News Release Accessed 21 May 2009
  2. 2,0 2,1 liv – systematisk inndeling (10.05.2013) i Store norske leksikon.
  3. skjelett (04.06.2013) i Store norske leksikon.
  4. protister (10.05.2013) i Store norske leksikon.
  5. Researchers Identify Mysterious Life Forms in the Extreme Deep Sea. Accessed 2011-10-24.
  6. Bauer, Becky (October 2008). «Gazing Balls in the Sea». All at Sea. 
  7. John Wesley Tunnell, Ernesto A. Chávez, Kim Withers (2007). Coral reefs of the southern Gulf of Mexico. Texas A&M University Press. s. 91. ISBN 1-58544-617-3. 
  8. http://www.wisegeek.com/what-is-the-largest-biological-cell.htm
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.