Frue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fru Charlotta Pilo (1756). Portrett av Carl Gustav Pilo.

Frue er ei nemning for ei gift kvinne. Det var opphavleg brukt som tittel for kvinner av høg stand. Seinare blei bruken utvida, ført til kvinner av borgarskapet, deretter til alle gifte kvinner.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «frue» kom inn til seint norrønt som frú, frúa, frúva gjennom gammalsaksisk frûva med tydinga 'herskarinne'. Ordet har på same måte som gudinna Frøya samanheng med det norrøne ordet freyja.

I mellomalderen kunne fru brukast med tydinga 'herskarinne'. Til dømes blei dronning Margrete kalla 'Danmarks frue' og Noreg si «mektige frue og husbonde». Jomfru Maria blir nemnd som Vår Frue som ei omsetjing av latinske Domina nostra, 'vår herskarinne'. Sameleis kan «Fru Fortuna» brukast om den personifiserte lukka som har makt over livet. Men «frue» kunne også vera ein tittel. Det maskuline tilsvaret er herre.

«Fru» som tittel[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderen var fru og frue ein adelstittel. Han kunne brukast for kongelege kvinner, koner av riddarar og adelskvinner som var gått i kloster. Seinare vart tittelen òg bruka i borgarskapet, og frå 1900-talet av kunne ein omtala alle gifte kvinner som frue. Mange ville likevel avgrense bruken til gifte kvinner av høg stand, i samsvar med den tradisjonelle språkbruken. I løpet av andre delen av hundreåret gjekk bruken av «fru», saman med andre høflegheitsformer som herr, frøken, og «de» i stor grad ut av bruk.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

«Fru» kunne, særleg som adelstittel, brukast framfor heile namnet til den gifte kvinna. I samband med borgarleg bruk kunne ein bruka tittelen framom mannen sitt fulle namn eller yrkestittel («fru Peder Ås», «fru oberst Hansen»). Deretter gjekk ein over til å bruka «fru» og etternamnet («fru Ås», «fru Hansen»). Tidlegare skilde ein mellom fru og madam, som var ein noko lågare grad. Ordet var lite nytta på bygdene, der formene mor og kjerring var framtredande.

Ifølgje Skikk og Bruk frå 1960 er det ikkje noko i vegen for ei kvinne å tittelere seg med ordet fru dersom det er eit poeng å få fram at ein er gift, medan det ikkje er rekna for god skikk å tittilere seg sjølv som herr.

I dag (2010) blir «frue» som regel berre brukt i særskilde samanhengar, som i faste uttrykk («herr og fru»), som humoristisk eller stilistisk verkemiddel (Frustrerte fruer), i marknadsføringssamanheng eller tiltale til personar i visse stillingar, som ein kvinneleg stortingspresident eller ei prinsesse gift med ein ikkje-kongeleg.

«Fru» og «frue» i kulturen[endre | endre wikiteksten]

I mellomalderballaden «Falkvor Lommansson» er «frue», som «jomfru», brukt for å visa at ei kvinne er av høg byrd:

Di tak no av meg mitt hovegull
å klæder mig so ringe
inn kjem han Falkus Lammansson
han ska meg slett inkje kjenne.

Di tak no av meg mitt hovegull
set på meg ei silkjelue
inn kjem han Falkus Lommansson
han helsar meg fyr ei frue.

Inn kom Falkus Lommansson
hatten har han uti hendi
eg helsar deg jomfru Bendelin
so væl monne eg deg kjenne.

«Falkvor Lommansson»[1]

Også Ibsen brukte fru til å visa til ei høgtståande kvinne i tittelen til skodespelet Fru Inger til Østråt.

Bruken av fru går igjen i titlar på romanar frå tiåra rundt 1900. Fru Marianne (1887) av Victoria Benedictsson og Fru Inés (1891) av Amalie Skram tok begge opp sider ved ekteskapet for kvinner. Det same kan seiast om den engelske Mrs Dalloway (1927) av Virginia Woolf og den noko tidlegare franske romanen Madame Bovary (1857) av Gustave Flaubert.

Innan populærmusikk er «Fru Johnsen» tittelen på ein song frå 1967, om ei åleinemor som utfordrar moralen på ein småstad. «Fru Hagen» av Folk & Røvere frå 1998 handlar ikkje om ei kvinne, men kaféen Fru Hagen på Grünerløkka i Oslo.

Porträt einer Frau av Albrecht Altdorfer, ca. 1525-1530.

Andre nemningar og andre språk[endre | endre wikiteksten]

Frøken er ei nemning som tilsvarer frue men viser til ei ugift kvinne. Andre ord for gifte kvinner kan vera «kjerring» eller «kone». Tidlegare kunne ein også bruka «madam».

På dansk og svensk bruker ein også nemninga «fru». På tysk er ordet Frau, på nederlandsk Mevrouw og på finsk rouva. På engelsk kan ein bruka Mrs som tiltaleord for gifte kvinner, sjølv om dette i noko grad er fortrengd av forma Ms, som ikkje skil mellom gift og ugift. På engelsk finst også nemningane Lady og Dame om adelege kvinner.

Fransk madame, spansk señora og italiensk signora er i meir utstrekt bruk enn skandinavisk «fru». Desse nemningane kan brukast om gifte kvinner og i mange tilfelle også om alle vaksne kvinner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]