France métropolitaine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Metropolitan-Frankrike

France métropolitaine (Metropolitan-Frankrike) eller la Métropole er den delen av Frankrike, som ligg i Europa, inkludert Korsika (fransk: Corse). La France d'outre-mer, l'Outre-mer, eller les DOM-TOM er den «oversjøiske» delen av Frankrike som ikkje ligg i Europa.

Dei oversjøiske departementa Martinique, Guadeloupe, Réunion og Fransk Guiana har same politiske status som dei metropolitanske departementa. I 2007 bur 61 538 322 menneske i Metropolitan-Frankrike, medan 2 563 818 bur i den oversjøiske delen. Det totale innbyggjartalet for Den franske republikken vert då 64 102 140.

Metropolitan-Frankrike, utanom øya Korsika, vert kalla Kontinental-Frankrike (fransk: la France continentale), eller berre Kontinentet (fransk: le continent). Eit anna synonym for det kontinentale Frankrike er l'Hexagone, på grunn av den heksagonale (sekskanta) forma.