Korsika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Région Corse
Våpenskjoldet til Korsika
Fakta
Hovudstad Ajaccio
Regionspresident Paul Giacobbi
Flatevidd 8 680 km²
Folketal 279 000 (2006)
Rangering 25
Folketettleik 32 innb./km²
Arrondissement 5
Kantonar 52
Kommunar 360
Geografi
Plassering av Korsika

Departement
Corse-du-Sud   Haute-Corse

Korsika (korsikansk og italiensk: Corsica, fransk: Corse) er ei øy i Middelhavet som høyrer til Frankrike. Øya ligg vest for Italia, søraust for kontinental-Frankrike (170 km sør for Nice) og nord for Sardinia. Ho er den fjerde største øya i Middelhavet. Korsika er ein del av Frankrike og er kjend som Napoleon Bonaparte sin fødestad. På Korsika snakkar dei korsikansk, som vert klassifisert anten som eit eige språk, eller som ein dialekt av italiensk.

Frå byrjinga av 2000-talet har Korsika fått auka intresse som turistmål.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Politisk er Korsika ein region i Frankrike, oppdelt i to departement, sjølv om det finst dei som vil ha ei meir frittståande stilling i Frankrike. Den ytterleggåande nasjonalistiske grupperinga FLNC har òg brukt politisk vald for å oppnå større sjølvstyre for Korsika. Øya har nesten 280 000 innbyggjarar, og eit areal på 8 682 km².

Korsika består for ein stor del av fjell, det høgaste er Monte Cintu (2 710 m). På øya finst ein naturleg park (Parc Naturel Régional de Corse) med tusentals sjeldne dyre- og planteartar. Parken vart grunnlagt i 1972 og omfattar Golfe de Porto, Scandola naturreservat (frå 1983 verdsarv) og nokre av øyas høgaste toppar. På skrå over øya, frå nordvest til søraust, går ein vandringsveg Grand Route 20. Ruta er 20 mil lang og går frå Calenzana nær Calvi til Conca i nærleiken av Porto-Veccio. Den franske framandlegionen har ein garnison i fjella.

Turismen på Korsika er trass i at øya ligg i Middelhavet relativt begrensa og framfor alt konsentrert til området kring byane Calvi og L'Ile Rousse på nordkysten.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Større byar: (Korsikanske namn)

Ajaccio (Aiacciu)
Bastia (Bastia)
Corte (Corti)
Sartene (Sartè)

Andre byar:

Saint-Florent (San Fiurenzu)
Calvi (Calvi)
Porto-Vecchio (Porti Vechju)
Bonifacio (Bunifaziu)
Satellittbilete av Korsika

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 42°09′N 9°05′E

Flag of France.svg Franske regionar Flag of France.svg
Alsace | Aquitaine | Auvergne | Bourgogne | Bretagne | Centre | Champagne-Ardenne | Corse | Franche-Comté | Île-de-France | Languedoc-Roussillon | Limousin | Lorraine | Midi-Pyrénées | Nord-Pas-de-Calais | Basse-Normandie | Haute-Normandie | Pays de la Loire | Picardie |
Poitou-Charentes | Provence-Alpes-Côte d'Azur| Rhône-Alpes
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.