Frans Snyders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anthonis van Dyck:Frans Snyders og kona hans.
Frans Snyders:Villsvinjakta.

Frans Snyders (11. november 157919. august 1657) var ein flamsk kunstmålar som levde og døydde i Antwerpen. Han er mest kjend som stillebenmålar, i ein stil i slekt med venen Peter Paul Rubens sin. Også dyr og jaktscener måla han på meisterleg vis.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Snyders var i 1593 elev av Pieter Bruegel den yngre. Seinare gjekk han i lære hos Hendrik van Balen. I 1603 fekk han medlemskap i Sint-Lucasgildet i Antwerpen som meister. 1608-09 gjorde han ei studiereise til Italia. Jan Fijt gjekk i lære hos Snyders, og var frå 1629 assistenten hans.

Ved fleie høve samarbeidde Snyders med venen Peter Paul Rubens, sistnemnde skal ha uttrykt at han stod i gjeld til Snyders. Begge dei barokke målarane la i sine jaktscener vekt på handling og dynamikk, skilnaden var at Snyders utelet folk frå bileta sine. Han fokuserer på naturen; hundane, det jaga viltet og de forskremde fuglane, og plantane i nærleiken. I så måte var Snyders unik, ingen andre målarar synte fram dyrelivet på eit så nærgåande vis. Dyra er kraftige og måla på ein anatomisk korrekt måte. Måleriet Villsvinjakta frå om lag 1640 er eit framifrå døme på desse kvalitetane ved dei beste verka hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frans Snyders

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon