Frauenkirche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkja på slutten av 1800-talet
Byggjearbeid mai 2003
Byggjearbeid desember 2003
Kyrkja i august 2004

Frauenkirche er tysk for Vår Frues kyrkje, og det finst fleire kyrkjer med dette namnet i Tyskland. Den mest kjende av desse er truleg den som står i Dresden, og som denne artikkelen handlar om. Kyrkja blei øydelagd under bombinga av Dresden i 1945, men er i ferd med å bli bygd opp att, og er venta å stå ferdig hausten 2005.

Ei kyrkje til Unser Lieben Frauen, Vår Kjære Frue, skal ha stått på staden sidan 1000-talet. Den moderne kyrkja stammar derimot frå 1700-talet. Ho blei teikna av George Bähr og bygd frå 1726 til 1743. Arkitekten døydde i 1738, og fekk aldri sjå henne fullført.

Den enorme kuppelen med ei høgd på 91 meter blei raskt eit kjennemerke for byen, og den lett kjennelege silhuetten blei festa til lerretet av fleire målarar. Tvil om at kuppelen skulle vera ustabil blei gjort til skamme då den prøyssiske hæren bombarderte han med granatar i 1760. Granatane spratt av, og kyrkja stod som før.

I 1849 vart Frauenkirche sentrum for det revolusjonære mai-opprøret. I fleire dagar var ho omgitt av barrikadar og gatekampar, før opprørarane som var igjen blei arresterte inne i sjølve kyrkja.

Men kyrkja kunne ikkje stå imot bombinga av Dresden den 13. februar 1945. Frauenkirche blei utbrend og kuppelen raste saman den 15. februar klokka 10.

Ruinkyrkja i 1991

Restaurering[endre | endre wikiteksten]

Allereie før krigen var over byrja ein å snakka om å gjenreisa kyrkja. Men etter krigen blei Dresden ein del av DDR, og kommuniststyret ville heller ha ein ruin til minne om krigslidinga enn ei kristen kyrkje.

Planane vart funne fram att då Aust- og Vest-Tyskland blei samla igjen. Talen «Ruf aus Dresden» om å reisa kyrkja att, halden på 45-årsdagen for bombinga den 13. februar 1990, trefte eit verdspublikum som etter kvart samla seg i ulike grupper og samla inn pengar til arbeidet. I 1994 blei grunnsteinen for rekonstruksjonsarbeidet lagd. Krypten i kyrkja blei ferdig i 1996.

Konstruksjonsarbeidet blir utført med gamle planar og materiale så langt det er mogleg. Bortsett frå kuppelen byggjer ein kyrkja frå gamle materiale som er funne i ruinhaugen. Kvar stein blei boren forsiktig vekk, målt og katalogisert, og med utgangspunkt i kvar han låg i haugen kunne ein rekna seg til kvar han opphavleg hadde vore.

På grunn av aldring vil gammal stein vera mørk medan nye delar vil vera lysare. På grunn av dette vil ein tydeleg kunne sjå dei nye steinane dei første åra, og kyrkja vil framleis minna folk om den dramatiske historia sin. Det er tenkt at den atterreiste kyrkja skal vera eit symbol på håp og forsoning.

Kyrkja skal få eit heilt nytt orgel i staden for ein reproduksjon av det opphavlege 43-stemmers instrumentet, som var laga av Gottfried Silbermann i 1736, og var rekna som eitt av dei aller beste orgla frå perioden. Dette har vore omstridt i fagmiljøa.

Den vakre gullkrossen som blei øydelagd under bombinga er gjenskapt med pengar frå Storbritannia, noko som igjen viser til forsoninga kyrkja skal skapa. Ho har òg sju nye kyrkjeklokker som ein ringde med første gong pinsen 2003.

Det utvendige konstruksjonsarbeidet blei fullført den 22. juni 2004, slik at kuppelen igjen kunne gje sitt særmerke til Dresden. Med krafttak frå dei siste åra har ein håp om at kyrkja kan stå heilt ferdig i 2006, året då Dresden har åttehundreårsjubileum.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frauenkirche