Freatisk utbrot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Freatisk utbrot frå toppen av Mount St. Helens i Washington i USA.

Freatisk utbrot, òg kalla ultravulkanske utbrot, er eit vulkanutbrot som oppstår når stigande magma kjem i kontakt med grunnvatn eller overflatevatn. Den ekstreme temperaturen til magmaen (frå 600 °C til 1170 °C) skapar ein nesten momentan fordamping av vatnet som fører til ein eksplosjon av vassdamp, vatn, vulkansk oske, stein og vulkanske bomber. Ved Mount St. Helens hadde ein hundrevis av dampeksplosjonar før det pliniske utbrotet til vulkanen i 1980. Mindre intense geotermiske tilfelle kan skape ein slamvulkan.

Freatiske utbrot inneheld vanlegvis damp og steinfragment og lava er ikkje vanleg. Temperaturen til desse fragmenta kan vere alt frå kalde til glødande. Om smelta stoff er inkludert vert uttrykket freatomagamatisk stundom nytta. Freatiske utbrot dannar stundom breie og låge vulkankrater kalla maar. Stundom kan utbrota innehelde gassar med karbondioksid eller hydrogensulfid. Sistnemnde kan føre til kveling og i 1979 førte eit slikt freatisk utbrot til at 149 menneske på øya Java mista livet på grunn av giftige gassar.

Ein meiner at utbrotet til Krakatoa i 1883, som utsletta det meste av vulkanøya og som skapte den høgaste lyden som er registrert, var eit freatisk utbrot. KilaueaHawaii har hatt freatiske utbrot gjennom lange tider. Eit freatisk utbrot i 1924 kasta stein opp til åtte tonn opp til ein kilometer bort frå krateret. Andre døme på freatiske utbrot er Surtsey i 1963, Taal i 1965 og Tarumae i 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]