Vulkansk bombe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vulkansk bombe kasta ut frå Kīlauea-vulkanen på Hawaii i 1983.
Fossilisert vulkansk bombe i Mojaveørkenen i California.
Vulkansk bombe i Strohn i Rheinland-Pfalz i Tyskland, med ein diameter på 5 meter og ein masse på 120 tonn. Ho blei forårsaka av eit vulkanutbrot i 8300 f.Kr.

Ei vulkansk bombe er ein klump av smelta stein (tefra) som er større enn 65 mm i diameter, og blir danna når ein vulkan kastar ut tjuktflytande lavafragment under eit utbrot. Dei blir nok avkjølt til å oppnå fast form før dei når bakken. Vulkanske bombar kan bli kasta fleire kilometer frå ein utbrotsopning, og får ofte ei aerodynamisk form under flyturen. Bomber kan bli ekstremt store – Asama-utbrotet i Japan i 1935 kasta ut bombar som mælte 5–6 m i diameter, opptil 600 meter frå utbrotsopninga.

Vulkanske bomber representerer ein stor fare, og kan medføre alvorleg skade eller dødsfall blant folk i nærleiken av utbrotet. Ein slik episode skjedde ved Galeras-vulkanen i Colombia i 1993, der seks personar i nærleiken av fjellet vart drepne, og fleire andre skadde av vulkanske bomber, då vulkanen fekk eit uventa, eksplosivt utbrot.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Vulkansk bombe