Galvanisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skisse som syner prinsippet for galvanisering. Her er det eit metall (katoden Me) som får eit lag med kopar frå ein koparstav (anoden Cu) i eit bad (ein elektrolytt) av koparsulfat.

Galvanisering er ein elektrokjemisk prosess der eit metall vert dekt med eit tynt lag av eit anna metall gjennom elektrolyse. Prosessen har fått namn etter Luigi Galvani (1737 – 1798). Galvanisering brukast vanleg for å verne mot korrosjon (rust).

Galvaniseringa går føre seg på den måten at metallgjenstanden og det andre metallet vert gjort til elektroder i eit elektrolytisk bad der metallgjenstanden utgjer den eine elektroden og metallet som skal danne overflatelaget utgjer den andre elektroden i ein elektrisk straumkrins. Så vert metalla slutta til ei straumkjelde med ein lempeleg pol med motsett ladning i høve til metallionet i det brukte saltet. På denne måten vert metallet i den eine elektroden, forbrukselektroden, drege som metallion over til gjenstanden som skal handsamast og legg seg som eit jamt og tynt lag på overflata av denne gjenstanden. Dess lengre tid ein lèt prosessen gå, og dess større straumstyrke ein nyttar, dess tjukkare vert overflatelaget.

Det er vanleg å galvanisere gjenstandar av jarn og stål med eit lag av sink for å hindre at dei rustar, korroderer, og kan helde seg blanke. Massegalvanisering av små gjenstandar som til dømes spikar, skruar, mutterar, naglar og liknande, går føre seg ved at dei plasserast i ein roterande trommel i det elektrolytiske badet, såkalla trommelgalvanisering.

Forsinking[endre | endre wikiteksten]

Nemninga galvanisering eller varmgalvansiering vert òg ofte nytta om ein prosess som eigenleg ikkje er galvanisering, men går ut på å gje gjenstandar av jarn og stål eit vernande overflatelag ved å dyppe dei i eit bad med smelta sink, altså ein heilt annan framgangsmåte enn den elektrokjemiske galvaniseringa. I motsetnad til den elektrokjemiske galvaniseringa, som berre legg sinken som eit etter måten tynt lag utanpå jarnet eller stålet, gjer varmforsinkinga at sinken reagerer med jarnet eller stålet på ein måte som får overflata til å verte langt meir motstandsdyktig mot mekanisk slitasje og dessutan gje eit mykje betre vern mot korrosjon. Spikar, skruar og andre jarn- og stålgjenstandar som skal nyttast utandørs og i andre fuktige eller våte omgjevnader bør difor vere varmforsinka.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk forsinking vert brukt på metall som skal brukast innandørs i rimeleg turre lokale, eller i andre skjerma omgjevnader. Elforsinking gir berre eit ganske tynt belegg, med ei blank overflate som kan vere ein føremon for utsjånaden sin del. Elforsinking vert også kalla blankforsinking. I til dømes baderom er elforsinking ikkje godt nok som rustvern.

Varmforsinking brukast der metalle vert utsett for hardare klimatisk påverknad, som regel er dette til utandørs bruk. Varmforsinking gir tjukkare lag og ei matt overflate. Korrosjonsvernet aukar med sinklaget si tjukn, men altfor tjukke lag er ikkje bra fordi belegget kan sprekke og flakne av. Ein standard er Zn80, det tyder at sinkskiktet skal vere 80µm tjukt.

Ein føremon med forsinking er at den gir ein viss avstandsverknad, mindre skader, er sjølvreparerande gjennom ionvandring i skaden, men då det skjer gjennom tap av sink i nærleiken av skaden vert vernet svekka der.

Metall med forsinking som skal stå utandørs bør ikkje ha måling i minst eit år fordi det skal mogne i klimaet. Deretter kan det målast.

Skruvar som skal forsinkast skal gjengast under dei ferdige måla, slik at rett mål kjem først etter forsinkinga.