Gamvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gamvik
Gamvik
Gamvik
Geografi
Kommune Gamvik
Fylke Finnmark
Annan informasjon


Postnummer 9775 GAMVIK
Innbyggjarnamn gamviking
Kart
Gamvik is located in Finnmark
71°3′49″N 28°14′48″EKoordinatar: 71°3′49″N 28°14′48″E

Gamvik er eit fiskevær i Gamvik kommune i Finnmark, på nordkysten av Nordkinnhalvøya. Staden hadde i 2006 omtrent 200 innbyggjarar. Tradisjonelt har fiske vore hovudnæringa i Gamvik. Det siste fiskebruket blei lagt ned i 2008 etter ei rekkje oppstartar og nedleggingar dei siste 20 åra. Det blir i dag satsa mykje på turisme då verforholda gjer Gamvik til ein god stad for både havfiske og ferskvassfiske i Risfjordelva og Sandfjordelva.

Slettnes fyr, verdas nordlegaste fastlandsfyr, ligg omtrent 4 km nord for Gamvik[1]. Ved Slettnes ligg også Slettnes naturreservat, som er ein viktig hekkeplass for mange fugleartar, og mellom anna har Noregs nest største tjuvjokoloni[2]. Vest for Slettnes ligg Steinvågen, der ein finn ein av Noregs best bevarte steinlabyrintar. I Gamvik ligg også Gamvik Museum[3].

Gamvik har eiga kyrkje og skule, og fekk også den første flystripa, Gamvik flyplass, i kommunen på 70-talet, men etter opninga av Mehamn flyplass har stripa berre blitt brukt i nødsfall. Gamvik fekk, saman med resten av Nordkinnhalvøya vegsamband med fastlandet då riksveg 888 opna på slutten av 80-talet.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]