Tjuvjo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tjuvjo

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Arcticskua2.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Stercorariidae
Slekt: Stercorarius
Art: S. parasiticus
Vitskapleg namn
Stercorarius parasiticus
Linné, 1758
Tjuvjo
Namn på andre språk
Svensk Kustlabb
Dansk Kjove, almindelig kjove
Engelsk Parasitic Jaeger, Parasitic Skua
Tysk Schmarotzerraubmöwe
Fransk Labbe parasite
Spansk Págalo parásito, escúa ártico, salteador parásito, salteador parasítico
Russisk Korotkokhvostyj pomornik (Короткохвостый поморник)

Tjuvjo, Stercorarius parasiticus, er ein fugl i jofamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Tjuvjoen hekker på tundra og i kystnære strøk både i det nordlege Stillehavet og i Atlanterhavet. I Europa er arten vanleg på Island, Færøyane og det nordlege Skottland, samt på fastlandskysten frå Sør-Noreg og nordover. Fuglen førekjem også spreidd langs Austersjøen og Bottenvika, og på øyane i Barentshavet .

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten er ein utprega kystfugl, som finst vanleg frå Møre og Romsdal og nordover. I Nord-Noreg også i større, men spreidde koloniar. Fuglane held seg til vanleg nær sjøen, men er også funnen eit godt stykke frå havet på Varangerhalvøya. I sør finst fuglen lite vanleg somme stader, som på Vestlandet sør til Boknafjorden, på Skagerrakkysten og i ytre Oslofjorden. Kring 1990 vart den norske hekkebestanden rekna til kring 5000- 10 000 par. Fuglen er truleg i tilbakegang i Sør-Noreg.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Tjuvjoane hekker seint, og dei fleste egga vert lagde i juni, to veker tidlegare i Sør-Noreg enn nordpå. Til vanleg legg hoa to egg. Ruginga varer 26 døgn. Denne tida driv foreldra ofte med avleiingsmanøvrar, med ynkelege pipelydar og såra åtferd, men når ungane er klekte er dei vaksne fuglane til dels svært aggressive. Ungane kan flyge etter om lag ein månad, og held seg i denne tida i territoriet. Fuglane hekker første gong når dei er 3-5 år gamle, og lever gjerne i livslange monogame tilhøve.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Arten er ein utprega trekkfugl, som flyg helt sør til farvatn langs kysten av Sør-Afrika og Sør-Amerika der fuglane held seg når det er vinterhalvåret i nord. Dei fleste norske tjuvjoane dreg frå hekkeplassane i september og kjem attende til Sør-Noreg seint i april, til Nord-Noreg i mai. Utanom hekketida viser tjuvjoane ein pelagisk livsførsel, oftast kvar for seg, men også i mindre grupper på 2-3 individ. På denne tida er det særleg alkefuglar , mindre måsar og terner som vert utsette for tjuvjoar som prøvar å rane til seg bytte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Norsk Fugleatlas, 1994.