Gaspard Monge
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Gaspard Monge | |
Gaspard Monge |
|
| Fødd | 9. mai 1746 Beaune |
|---|---|
| Død | 28. juli 1818 (72 år) Paris |
| Nasjonalitet | Fransk |
| Kjend for | deskriptiv geometri |
Gaspard Monge, Comte de Péluse (9. mai 1746–28. juli 1818) var ein fransk matematikar og skaparen av deskriptiv geometri.
Han var professor i Mézières i 1768 og i Paris frå 1780, først delt mellom dei to universiteta, og frå 1783 berre i Paris. Monge slutta seg med begeistring til den franske revolusjonen og vart seinare ein ven og medarbeidar av Napoleon Bonaparte, som han følgde til Egypt. Monge var marineminister 1792–1793. I 1795 vart han professor ved École normale og han var seinare hovudmannen bak opprettinga av École polytechnique, der han òg var professor. Etter Napoleon fall, kom han i unåde og levde tilbaketrekt.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Gaspard Monge»