Gauja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gauja
Sandsteinsklipper ved Gauja
Sandsteinsklipper ved Gauja
Utspring Søraust for Cēsis
Munning Austersjøen
Land i nedslagsfelt Latvia
Lengd 452 km
Nedslagsfelt 8 900 km²

Gauja (estisk Koiva jõgi; livisk Koiva; tysk Livländische Aa) er ei av dei lengste elvane i Latvia med ei lengd på 452 km og eit nedslagsfelt på 8 900 km². Kjelda hennar ligg i åsane sørvest for Cēsis. Ho renn først austover og nordover og dannar grense mot Estland i om lag 20 km. Sør for Valga og Valka snur ho vestover mot Valmiera, og held fram sørvestover nær Cēsis og Sigulda. Gauja munnar ut i Austersjøen nær Riga.

I Cesis og Riga fylke har Gauja grave ut den djupaste elvedalen i Latvia med breidder opp til 90 meter høge. Denne delen av Gauja inneheld mange flotte naturområde og vart erklært ein nasjonalpark i 1973.

[endre] Kjelde

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk